Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Detaljregulering for Skogsskiftet sentrum

Utval for Plan har i møte 16.12.2021, sak UFP 204/21, godkjent at forslag til detaljregulering vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Kunngjeringsdato: 20.12.2021
Merknadsfrist: 08.02.2022
Saksnummer: 20/4031
Arealplan-ID: 124520190001
Opne i plankart
Dokument i saka 
Status: Offentleg ettersyn

Kort om planen

Reguleringsplanen detaljerer framtidig arealbruk for kommunedelsenteret Skogsskiftet. Målet har vore å legge til rette for eit attraktivt senter å vere, bu og drive næring i. Planen regulerer torg, parkar, turvegar, friområde og badeplass for allmenn bruk. Det er regulert areal som opnar for etablering av m.a. kjøpesenter, bustadeiningar, kontor, daglegvare og tenesteyting.

Delar av Skogevegen vert regulert til miljøgate for å betre tilhøva for mjuke trafikantar og forbetre koplinga mellom Sund senter og sørleg del av sentrumskjerna. Vegsystemet i sentrale delar av sentrum er planlagt å verte endra med etablering av rundkøyring i krysset Skogevegen/Skogsleitet/Klumpelhaugen.  

Planen var lagt ut på høyring i 2019 og fekk motsegn frå Statens vegvesen. Det er forsøkt å finne løysing på motsegna som inneber å regulere ei nedskalert vegløysing for fv. 560 med tilhøyrande rekkefølgjekrav for opparbeiding. Planen består av både eit juridisk bindande plankart og ein juridisk bindande situasjonsplan for den nedskalerte vegløysinga. Val av fylkesvegløysing gjev premiss for arealbruk, dette er nærmare gjort greie for i saka og plandokumenta.
Plangrensa er utvida etter høyringa i 2019 for å regulere fylkesvegen, Rema1000 og verkstaden. Varsel om utvida plangrense var gjort sommaren 2021.

Har du merknader til planforslaget?

Grunneigarar, naboar og alle interesserte vert inviterte til å komma med merknader og innspel til planforslaget. Eventuelle merknader og innspel kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no

Elektronisk høyringssvar

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune
v/ Areal- og samfunnsplan
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Frist for å komma med merknad og innspel er: 08.02.2022.  

Dokument i saka

Her finn du dokument i saka

Tekniske vegteikningar for nedskalert fylkesvegløysing er under produksjon og vil verte lagt ut på nettsidene til kommunen tidleg i januar.

Plankart