Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Detaljregulering for landbasert akvakultur Kvernavika - Kausland

Utval for Plan har i møte 09.12.2021, sak UFP 198/21, godkjent at forslag til detaljregulering for landbasert akvakultur Kvernavika vert lagt ut til offentleg ettersyn med følgjande vedtak:

  1. Utval for plan fremjar saka og legg henne ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova § 5-2 og § 12-10.

    Følgjande dokument vert lagt ut på høyring, i tillegg til grunnlagsdokument:
    - Plankart i målestokk 1:1000 (A1), datert 01.11.21
    - Føresegn, sist revidert 01.11.21
    - Planskildring, sist revidert 01.11.21
     
  2. Endeleg vedtak av detaljregulering Kvernavika, planID 20200003, vil overstyre eksisterande reguleringsplan for Kvernavika, planID 124520030007 for dei delar som ny plan gjeld.

Kunngjeringsdato: 21.12.2021
Merknadsfrist: 08.02.2022
Saksnummer: 20/6809
Arealplan-ID: 20200003
Opne i plankart: Kommunekart 
Plandokument: Planregisteret
Status: Offentleg ettersyn
Gardsnamn: Kausland

Kort om planen

Havnæringa er ei synleg og viktig næring i Øygarden kommune. Satsing på sjømat er ein prioritet både i kommune, fylke og stat. Gjennom Havbruksstrategien – Et hav av muligheter ynskjer staten å fremme nye løysingar for berekraftsutfordringar gjennom teknologiutvikling, nye produksjonsformar og nye produkt. Ved å flytte større del av produksjonsløpet til oppdrettsverksemda på land reduserer ein vesentleg utfordringar til luseproblematikk, samt gir større kontroll på fiskehelse. Framlegg til samfunnsdelen til kommuneplanen, som er på høyring til 19. desember 2021, gir tydelege føringar på at Øygarden kommune skal vere eit nasjonal og globalt utstillingsvindauge for innovasjon og grøn omstilling, samt at ein skal vidareutvikla kommunen som knutepunkt for blågrøn innovasjon, karbonfangst-, lagring og utnytting og reint hav. Vidare skal kommunen vere ein proaktiv aktør som legg til rette for kompetansemiljø og bedriftsetableringar innan berekraftige maritime- og marine næringar.

Blom Settefisk AS, og tidlegare Austefjorden Smolt AS, har drive settefiskproduksjon i Kvernavika i over 30 år. Bedrifta ser eit behov for modernisering og ekspandering av anlegget for å kunne optimalisere produksjonen og legge til rette for framtidas utvikling innanfor smoltproduksjon. Det er gitt ny konsesjon for fortsett drift med utvida produksjon frå 40 til 3850 tonn fisk årleg. Planframlegget legg til rette for eit postsmoltanlegg. Samstundes er selskapet avhengig av fleire lokalitetar i tilfelle mellombels nedstenging av einskilde anlegg og i slike periodar kunne oppretthalde produksjonen.

Stracon AS har utarbeida eit planforslag på vegne av forslagsstillar Blom Settefisk AS. Planen omfattar gnr. 131 bnr. 212 med fleire i Kvernavika, sør i Øygarden kommune. Planområdet utgjer ca. 80 daa og er i kommuneplanens arealdel avsett til bruk og vern av sjø og vassdrag, næring, LNF-område og fiske. Hovudformålet med detaljreguleringa er å utvide det eksisterande næringsarealet. Det skal fyllast ut i sjøen for etablering av meir næringsareal, samt nytt kaianlegg. Avkøyrsla til området skal oppgraderast.

Har du merknader til planforslaget? 

Grunneigarar, naboar og alle interesserte vert inviterte til å komma med merknader og innspel til planforslaget.

Elektronisk høyringsskjema

Eventuelle merknader og innspel kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no innan 08.02.2022.

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune v/ Areal- og samfunnsplan
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Dokument til saka

Dokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister

Bilete

Utsnitt av plankart, datert 01.11.21 - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankart, datert 01.11.21

3D- modell utbygging Kvernavika - Klikk for stort bilete3D- modell utbygging Kvernavika