Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Detaljregulering for Ebbesvikneset, gbnr. 45/4 m.fl - Ebbesvika

Kommunestyret har godkjent følgjande reguleringsplan: Ddtaljregulering for Ebbesvikneset, gbnr. 45/4 m.fl - Ebbesvika.

Kunngjeringsdato: 12.10.2021
Merknadsfrist: 02.11.2021
Saksnummer: 20/32
Dokument i saka
Arealplan-ID: 1246200110015
Opne i plankart 
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Ebbesvika

Kort om planen

Reguleringsplanen er på om lag 88 daa og ligg på Ebbesvik, søraust på Litle Sotra. Planen legg til rette for bygging av vel 100 bustadeiningar i form av fritt[1]liggande og konsentrerte bustader med tilhøyrande infrastruktur, felles leik[1]eareal og grønstruktur. Planen legg også til rette for småbåthamn for 50 småbåtar, badeplassar, kai og naust.

Du har rett til å klaga

Som part i saka eller ved rettsleg klageinteresse, kan du senda klage på vedtaket. Klagefrist er 02.11.2021. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. 

Dokument i saka

Her finn du dokument i saka

Verknad av planen

Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/32