Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Detaljregulering for Ebbesvika-Straume - gnr./bnr. 45/213 m.fl. - Ebbesvika

Kommunestyret i Øygarden kommune vedtok planen i møte 15.12.2021, sak KS 161/21.

Kunngjeringsdato: 21.12.2021
Merknadsfrist: 18.01.2022
Saksnummer: 20/1052
Arealplan-ID: 124620190008
Opne i plankart: Kommunekart
Plandokument: Planregister
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Ebbesvika

Kort om planen

Planområdet er på om lag 44 dekar og ligg i næringsklynga sør for regionsenteret Straume. Formålet med planen er å leggje til rette for næringsverksemd med tilhøyrande teknisk infrastruktur.

Du har rett til å klaga

Som part i saka eller ved rettsleg klageinteresse, kan du senda klage på vedtaket. Klagefrist er 18.02.2022. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. 

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no,

Send inn klage på vedteken plan (elektronisk)

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune v/ Areal- og samfunnsplan
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Dokument i saka

Dokument er tilgjengelig i kommunen sitt planregister


Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/1052.