Kommunale planar - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Kommunale planar

Kommunal planstrategi
Samfunnsdelen til kommuneplanen
Arealdelen til kommuneplanen
Områdeplanar
Handlingsdel, økonomiplan og årsbudsjett
Årsmeldingar
Begrepsdefinisjon
Plansystemet til kommunen


Kommunal planstrategi

Prioriteringar og satsingar vert styrte av Planstrategien for Øygarden kommune 2020 - .

Kommunal planstrategi er heimla i plan- og bygningslova (§10-1), og skal utarbeidast minst éin gong kvar valperiode. Føremålet med den kommunale planstrategien er å prioritera kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra, for best å møta behova til kommunen.

Planstrategien er basert på kommunen sine strategiske val for samfunnsutviklinga, samt nasjonale og regionale føringar.

Samfunnsdelen til kommuneplanen

Samfunnsdelen til kommuneplanen i tidlegare Fjell, Sund og Øygarden kommunar er sidestilt som overordna styringsdokument fram til ny plan vert vedteken.

Samfunnsdelen til kommuneplanen er den langsiktige og strategiske planen som skisserer utviklinga innanfor områda samfunn, areal og tenestene i Øygarden kommune.

Arealdelen til kommuneplanen arealdel skal følgja opp samfunnsdelen.

Arealdelen til kommuneplanen for tidlegare Fjell, Sund og Øygarden gjeld som tre sidestilte overordna styringsdokument for den nye kommunen frå 1. januar 2020. Ny rullert arealdel skal vedtakast av kommunestyret.

Kva inneheld arealdelen?

Bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader i heile kommunen styrt med plankart, føresegn og retningslinjer.

Kommunedelplan areal

Områdeplanar

Handlingsdel, økonomiplan og årsbudsjett

Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis vedtekne planar skal følgjast opp med tiltak. Det er vanleg å slå saman kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplanen.

Årsmeldingar

Årsmeldinga er kommunedirektøren sin presentasjon av kva for tenester kommunen har produsert, grad av måloppnåing og årsrekneskap. Meldinga er primært retta mot politikarane, men skal også fungera som eit informasjonsdokument for innbyggjarane i kommunen, næringsliv og andre interesserte.

Begrepsdefinisjon

Plansystemet til kommunen

Kommuneplanlegginga er eit viktig verktøy for det lokale folkestyret og kommunen som organisasjon og samfunn. Gjennom planlegging kan ein leggja til rette for ønskt samfunnsutvikling, arealforvalting og tenesteproduksjon. For å få eit enkelt og godt kommunalt plansystem må det vera ein samanheng mellom kommunen sine ulike planar. Det må vera ein raud tråd frå kommuneplanen via fag- og temaplanar til handlingsdel med økonomiplan.