Vegvedlikehald

Kommunale vegar vert drifta og vedlikehalde av kommunen. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar, staten for riksvegane. Tenesta skal sikra at vegen er framkommeleg, trygg ferdsel og ta vare på miljø- og samfunnsinteresser.

Kommunen kan stengja ein veg dersom vêr- og føreforhold ikkje gjer det mogleg å halda han open.

Vegvedlikehaldet omfattar

Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.

  • Feiing og reinhald
  • Fjerning av søppel
  • Klipping av vegetasjon
  • Vegoppmerking og skilting
  • Brøyting og strøing om vinteren

Asfaltering

Planlagt asfaltering av heile gater, fortau og sykkelfelt startar på våren og føregår så lenge veret tillet det. 

Her finn du oversikt over planlagt vegvedlikehald på fylkesvegar i Hordaland.