Brøyting

Brøyting og strøing av kommunale veger vert utført av innleigd brøytemannskap. Det er Øygarden kommune har ansvaret for kommunale vegar.

Brøyting av kommunale vegar starter normalt ved ei snømengde på fem centimeter. Normalt vil alle kommunale vegar verta brøytt innan seks timer.

Trafikantar må likevel rekna med dårligare føreforhold om vinteren enn ellers. For at forholda skal vera så bra som mogleg, trengs det eit godt samarbeid mellom kommuneetaten og innbyggjarane.

Vi minner om at ikkje alle vegar vert brøyta av kommunen. Det kan for eksempel vera nokre private vegar, fylkesvegar eller riksvegar som andre har ansvar for.

Manglande brøyting

Meld frå om manglande brøyting eller anna vitervedlikehald ved å ringja vakttelefonen til samferdsle og trafikksikring: 994 89 948 (vintervakt, gjeld frå november til april).

Oppfordring til bustadeigarar og bilistar

Syt for at du ikkje parkerer slik at du er til hinder for effektiv brøyting og utrykningskøyretøy. Utrykningskøyretøy treng til ei kvar tid tre meter fri bane!