I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for akvakulturanlegg i Parisvatnet, planID 20180004, lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i kommunestyret i Øygarden kommune den 23.10.19 , sak 068/19.

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 23.10.19, sak 66/19, å leggje forslag til «Planprogram ny fv 561 Blom-Naturgassparken» ut på høyring. Gjeld forslag til planprogram datert 24.09.19

I samsvar med plan- og bygningslova blir mindre endring etter § 12-14 lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova si § 5-2. Utval for drift og samfunnsutvikling gjorde i sak 110/19, den 31.10.2019, vedtak om oppstart og offentleg ettersyn av mindre reguleringsendring av reguleringsplan for 300 kv jordkabel, planID 19970001.

Kommunestyret vedtok i møte 11.12.2019, sak 083/19, detaljregulering for kryss Arseta sør, planID: 20190003. Planen legg til rette for nytt to-plans kryss, utbetra infrastruktur og betre tilhøve for mjuke trafikantar på Rongøy.

Øygarden kommunestyre gjorde 19.12.2019 vedtak om nye gebyr og betalingssatsar gjeldande for 2020. Dokumentet er lagt ut fysisk i kommunen sine kundetorg på Straume, Skogsskiftet og Rong.