Kart, planar og eigedomsinformasjon

Kommunekart

Nytt kommunekart for Øygarden kommune (under utvikling)

Planregister

I planregisteret ligg kommuneplanen, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Her kan du undersøkje kva planen seier om det området der du skal utføre tiltaket.

Desse planregistera er gjeldande fram til nytt planregister er etablert:

Enkel kartløysing:

Avansert kartløysing:

Andre:

Liste over planar

Tilleggsinformasjon om planarbeid:

I planprosessar vert det lagt vekt på ein open haldning, innsyn og medverknad. Meir informasjon om dette finn du på www.regjeringen.no

Eksterne kartløysingar

Artskart
Kvalitetssikra, stadfesta informasjon om artar i Noreg.

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF)
Kart med oversikt over friluftsområde i 17 kommunar i bergensregionen, deriblant Fjell kommune.

Fiskeridirektoratet
Kartløysing med data om akvakultur, fiskeri og plan og sjøareal.

Gårdskart
Arealressursar og arealtal for den enkelte landbrukseigedom.

Hordanamn
Kartteneste med stadnamnformer og lydfiler med uttale av namn frå Hordaland.

Høydedata.no
Kartportal for nasjonale detaljerte høgdedata (laserdata). Du kan sjå på og laste ned høgdedata. Oversikt over laserskanningsprosjekt i Noreg.

Kilden
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudtema er landskap, jordsmonn, reindrift og skog.

Kulturminnesøk
Kart, bilete og informasjon om norske kulturminne.

Kystinfo
Kartløysing frå Kystverket med bl.a. ulike typar sjøkart, landkart, satellitt- og flyfoto, farleier, naturvernområde, ankringsområde og beredskapstema.

Miljøstatus
Omfattande kartløysing med tema knytt til miljø, samfunn, arealplanar m.m.

Nasjonal arealinformasjon
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudvekt på berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn.

Naturbase kart
Kart over utvalde natur- og friluftsområde.

Norge i bilder
Oversikt over ortofoto for heile landet.

Norgeskart
Kartverket sin landsdekkande kartløysing som mellom anna har landkart og sjøkart.

Sjå eigedom
Eigedomskart med grenser, gards- og bruksnummer, adresser, matrikkel- og grunnboksinformasjon for eigedommar i Noreg.

Turkart – UT.no
Kartløysing frå Den Norske Turistforening med turforslag, hytter og overnattingsstader i heile landet.

Vegkart
Statens vegvesen sin kartløysing med offentleg informasjon om vegane i Noreg.