Søkja sjølv

Du kan sjølv senda inn søknad om nokre byggjetiltak. Her er ei rettleiing for korleis du sjølv søkjer om byggetiltak.

1. Sjekk om du må senda inn byggjesøknad 

Sjekk først om du må søkja, om du kan søkja sjølv eller om fagfolk må søkja for deg.

2. Sjekk planar og reglar for eigedomen din

Før du byggjer, riv eller endrer må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget på  eigedomen din til.

Finn kva plan som gjeld for eigedomen din

3. Samla alt du du må ha med i byggesøknaden

  • Skriv ut situasjonskart via vår kartportal og teikn byggetiltaket med mål inn på dette kartet
  • Få nokon til å teikna tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vera med søknaden er målsette fasadeteikningar, planteikningar og snitt-teikningar. Det vert stilt krav om at teikningane er godt utførte.

Teikningar og situasjonskart kan lastast opp i den elektroniske søknaden, eller sendast til oss på papir per post til Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Dersom kommunen har tidlegare teikningar frå din eigedom kan du bestilla kopi av disse via tenesta Infoland

4. Varsla naboane dine 

Når du har samla alle dokumenta du treng i bggesøknaden din, må du varsla naboar. Du treng ikkje varsla naboane om du skal gjera mindre arbeid som ikkje påverkar dei.

Etter at varsla er sendte, skal naboane få minst 14 dagar til å uttala seg om tiltaket. Naboane skal senda merknadene/kommentarane sine til deg. 

Bestill nabovarsel 

Dersom du ikkje kan senda inn nabovarsel elektronisk, finn du søknadsblankettar på nettsidene til direktoratet for byggekvalitet.

Dokumentasjon som må vera med i nabovarsel:

  • ein kopi av nabovarsel
  • ein kvittering som viser at naboane har motteke varsel
  • eventuelle merknadar frå naboane
  • eventuell grunngjeving for at naboane ikkje er varsla

5. Send inn søknad

Søknaden kan sendast inn til kommunen på ulike måtar

  • Via ByggSøk som er ei elektronisk løsning der skjema vert fylt ut på nettet, vedlegg vert lasta opp og søknaden vert send til kommunen.
  • Via e-post til: postmottak@oygarden.kommune.no

Send inn elektronisk byggesøknad 

Dersom du ikkje ønskjer å senda søknaden elektronisk, han den sendast per post til
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Mindre byggeprosjekt

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har laga eit oversyn over enkle skjema for nabovarsling og byggesøknad for mindre byggetiltak.

Søknadsskjema for mindre byggetiltak på bustadeigedom

Dersom du ikkje kan senda inn byggesøknaden elektronisk, finn du søknadsblankettar på nettsidenen til direktoratet for byggekvalitet 

Rettleiing frå Direktoratet ffor byggkvalitet

Direktoratet for byggkvalitet  (DIBK) har laga ein rettleiar for kva som må gjerast når du skal søkja sjølv

Byggesaksvakta
E-post
Telefon 55 09 73 50


Opningstid byggesaksvakt
Måndag, onsdag og fredag
kl 12.00-15.00

Har du spørsmål om di sak?
Ta kontakt med saksbehandlaren din
tysdag og torsdag mellom
kl. 09.00-15.00