Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Byggsøknad for fagfolk

Her finn du oversikt over dei ulike elektroniske søknadsløysingane for innsending av byggesøknadar til kommunen.

1. Sjekk planar og vedtak for eigedomen

Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekka kva planar og vedtak/retningslinjer som gjeld for eigedomen din. Planar og vedtak er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget på eigedomen din til.

Finn kva plan som gjeld for eigedomen din

2. Samla alt du du må ha med i byggesøknaden

Skriv ut situasjonskart og teikn byggetiltaket med mål inn på dette kartet. (underside)

Få nokon til å teikna tiltaket for deg, eller teikn sjølv. Teikningar som skal vera med søknaden er målsette fasadeteikningar, planteikningar og snitt-teikningar. Det er krav om at teikningane er godt utførte. 

3. Varsla aktuelle naboar, gjenbuarar og eventuelle offentlege instansar

Behandling av byggesøknadar går raskare dersom du har henta inn uttalar og varsla aktuelle naboar og offentlege/private instansar før du sender inn byggesøknaden.

4. Send inn søknad

Søknaden kan sendast inn til kommunen på ulike måtar:

  • Via ByggSøk som er ein elektronisk løysing der skjemaer vert fylt ut på nettet, vedlegg vert lasta opp og søknaden vert sendt til kommunen.
  • Via tenesta Fellestjenester BYGG finn du fleire søknadsløysingar som du kan bruka.
  • Via e-post til: postmottak@oygarden.kommune.no

Send inn elektronisk søknad via ByggSøk

Send inn  elektronisk søknad via Fellestjenester BYGG

Dersom du ikkje har høve til å senda inn byggesøknaden elektronisk, finn du søknadsblankettar på nettsidene til  Direktoratet for byggekvalitet

Dersom du ikkje ønskjer å senda søknaden elektronisk, kan han sendast pr. post til
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong