Planstrategi 2020 - 2023

Planstrategien er ikkje ein eigen plan, men eit viktig styringsdokument der kommunen prioriterer planoppgåvene som skal gjennomførast i valperioden. Prioriteringane som vert gjort i planstrategien viser kva planoppgåver kommunen skal bruka både politiske og administrative ressursar på. 

Kommunestyret vedtok revidert planstrategi for Øygarden kommune 2020-2023 i kommunestyremøtet 16. juni 2022 (KS-sak 073/22).

Revidert planstrategi for Øygarden kommune 2020-2023

Planstrategien skal ta stilling til om samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen skal vidareførast utan endringar, eller om dei skal reviderast heilt eller delvis. I tillegg kan planstrategien avklara kva for offentlege arealplanar, kommunedelplanar, temaplanar og sektor/fagplanar som skal vidareførast, reviderast eller gå ut. Planstrategien kan også ta stilling til om det er behov for å utarbeida nye planar i fireårsperioden.

I tillegg til å vurdera planbehovet, inneheld planstrategien ei skildring av plansystemet til Øygarden kommune, med tilhøyrande fireårsplan. Kommunen sin planstrategi er eit godt eigna verktøy for å vurdera kommunen sitt samla plansystem (figur 1). For at plansystemet skal fungera etter hensikta, må det vera tydeleg samanheng mellom kommunen sine ulike plantypar og kommunen sin handlingsdel med økonomiplan. God samanheng i plansystemet sin grunnstruktur er det viktigaste styringsverktøyet i kommunedirektøren si oppfølging og iverksetting av politiske mål, prioriteringar og vedtak.

Etter plan- og bygningslova (§10-1 første ledd) skal alle kommunar utarbeida og vedta sin planstrategi seinast eitt år etter nytt kommunestyre er konstituert. Planstrategi for Øygarden kommune 2020-2023 vart først vedteken i kommunestyret 29. oktober 2020 (KS-sak 153/20).

 

Figur 1: Plansystemet til Øygarden kommune

 

Vedlegg til kunnskapsgrunnlaget

Presentasjon av kunnskapsgrunnlaget (PDF, 952 kB)
FNs bærekraftmål (PDF, 2 MB)
Vedlegg til planstrategien – oversikt over gjeldande planar innan samfunn (PDF, 713 kB)