Del dine tankar om korleis Straume kan sjå ut.
Kommunen har invitert to arkitektteam til å arbeida fram gode idear til korleis Stovevatnet og denne delen av Straume kan sjå ut i framtida. Desse to arkitektteama skal legga fram ideane sine i mars 2023. I tida framover treng dei innspel frå innbyggjarar, lag- og organisasjonar, velforeiningar, burettslag og næringslivet. Del dine tankar om korleis Straume kan sjå ut i framtida. Du kan også trekka fram kva som er viktig på Straume for deg i dag, og som du ønskjer at vi tek vare på framover.
Innspel
Innspela kan du gje digitalt via 3D kart her: Parallelloppdrag Straume – Bentley® OpenCities™ Planner. Trykk på knappen for å gje innspel i menyen nedst på sida. Etter at du har trykt på knappen opnar det seg eit skjema som forklarar korleis du deler innspelet ditt.
Eller du kan senda ein e-post til postmottak@oygarden.kommune.no. Merk då e-posten med saksnummer 22/9655.
Velkomen til ope kveldsmøte
Publisert 08.12.2022 10.09