Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Serveringsløyve

Når må du søkje?

Dersom du planlegg å starte ei verksemd kor det skal serverast mat og/eller drikke der det vert lagt til rette for at gjestene kan ete og drikke på staden, så må du ha serveringsløyve. Det må også søkjast om nytt serveringsløyve når ein eksisterande serveringsstad vert overdregen til ny eigar, gjeld også ved aksjesal. Eksempel på serveringsstader er restaurantar, kafear, konditori, gatekjøkken, matvogner, bensinstasjonar og kantinar.

Kva krav vert stilt for å få eit løyve?

  • Det må oppnemnast ein dagleg leiar for serveringsløyvet. Vedkommande må ha det daglege ansvaret for den økonomiske for formelle sida av verksemda.
  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøven etter alkohollova. 
  • Eigarar og dagleg leiar må ha uklanderleg vandel i samsvar med serveringslova

Kven får tildelt eit serveringsløyve?

Løyvet vert gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av serveringsstaden.

Korleis søkje?

Bruk elektronisk søknadsskjema.

Søk om serveringsløyve 

Alle vedlegg som vert etterspurt i skjema må sendast inn, elles vert ikkje søknaden behandla.

Vedlegg som må følgje søknaden (kan ettersendast)

  • Firmaattest – ikkje eldre enn 2 månader
  • Skatte- og avgiftsattestar – ikkje eldre enn 2 månader
  • Stadfesting på bestått etablerarprøve dagleg leiar 
  • Leigekontrakt eller anna stadfesting på leigeavtale, gjeld også ved framleige
  • Teikning av lokalet
  • Dokumentasjon på dagleg leiar si tilsetting i verksemda
  • Kopi av melding til Mattilsynet
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Kommunen kan etter behov be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil 60 dagar frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden vert sendt til uttale hos politiet og skatte-  og avgiftsstyresmaktene.

Pris

Det er ingen gebyr for å søkja om serveringsløyve.

Lover og forskrifter

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar.