Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Salsløyve for alkohol

Kva tid må du søkja?

Butikkar og utsalsstader som ønskjer å selja alkoholhaldig drikk med inntil 4,7 volumprosent alkohol, må søkja om salsløyve. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Kva krav vert stilt for å få eit løyve?

  • Eigarar, styrar og avløysar må ha uklanderleg vandel i samsvar med alkohollova
  • Det må peikast ut ein styrar og ein avløysar som har bestått kunnskapsprøven etter alkohollova. 
  • Styrar og avløysar må vera fylt 20 år

Kven får tildelt eit salsløyve?

Løyvet vert gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av salsstaden.

Korleis søkja?

Bruk elektronisk søknadsskjema.

Søk om salsløyve

Alle vedlegg som vert etterspurt i skjema må sendast inn, elles vert ikkje søknaden behandla.

Vedlegg som må følgja søknaden (kan ettersendast)

  • Firmaattest – ikkje eldre enn 2 månader
  • Skatte- og avgiftsattestar – ikkje eldre enn 2 månader
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Leigekontrakt eller anna stadfesting på leigeavtale, gjeld også ved framleige
  • Internkontrollrutinar etter alkohollova
  • Teikning av lokalet
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Kommunen kan etter behov be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Tida kan forlengjast med èin månad dersom behov. Søknaden blir sendt til uttale hjå politiet, sosialtenesta og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. 

Pris

For eit salsløyve må du betala eit årleg gebyr basert på omsett mengde alkohol.

Salsløyve for alkohol
Type løyve Pris
Salsløyve 1 740

Rapport alkoholomsetning

Alkoholomsetning skal årleg rapporterast på eige skjema. Her finn du meir informasjon om gebyrsatsar og skjema for innsending av omsetningsoppgåve.

Lover og forskrifter

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar