Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Sal av tobakk og tobakkssurrogat

Må du ha løyve for å selja tobakk og tobakkssurrogat?

Du treng ikkje eit løyve, men alle som sel tobakk og tobakkssurrogat, som for eksempel e-sigarettar og urtebaserte røykeprodukt, må registrera seg i Helsedirektoratet sitt tobakkssalsregisteret.

Kva krav vert stilt til sal av tobakksvarer?

Du må sikra at du følgjer alle krav i tobakkslovgjevinga gjennom utarbeiding av tilpassa internkontrollrutinar. Internkontroll betyr systematiske tiltak som skal sikra at aktivitetane til salsstaden vert planlagde, organiserte, utførte og vedlikehaldne i samsvar med regelverket.

Vil det verta utført tilsyn?

Kommunen skal føra tilsyn med alle salsstadar som har registrert seg i tobakkssalsregisteret. Der vert det mellom anna ført tilsyn med internkontrollrutinane.

Pris

Det er gratis å registrera seg i tobakkssalsregisteret. Kommunen vil krevja ei tilsynsavgift:

Sal av tobakk - tilsynsavgift
Type Pris
Tilsynsavgift tobakkssal Kr. 4.580

Lover og forskrifter

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar.