Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Omsetnings- og løyvegebyr

Alle som har eit sals- eller skjenkeløyve må kvart år betale eit løyvegebyr til kommunen. Storleiken på gebyret avheng av kor mykje alkohol som vert omsett.

Minstegebyr for faste løyve

Salsløyve for alkohol
Type løyve Pris
Salsløyve 1 740
Skjenkeløyve fast
Type løyve Pris
Skjenkeløyve fast 5 400

Løyvehavarar som har fleire løyve må sende inn éi omsetningsoppgåve for kvar enkelt sals- og skjenkestad.

Innsending av omsetningsoppgave

Omsetningsoppgåva skal sendast inn elektronisk på kommunen sitt skjema.

Send inn omsetningsoppgåve for alkohol

Vedlegg

Stadfesting av omsett mengde alkohol MÅ sendast inn saman med skjemaet (omsetningsoppgåve frå grossistar og/eller revisorgodkjenning)

Frist for innsending

1. mars dersom ikkje annan frist er gitt av kommunen.

Manglande oppgåve eller ubetalt gebyr

Manglande omsetningsoppgave og/eller ubetalt gebyr vil medføre prikktildeling i samsvar med alkohollova.

Ny virksomhet

Dersom sals- eller skjenkestaden har fått nytt løyve i inneverande år, skal det berre rapporterast forvanta omsetning.

Opphøyr eller overdraging av selskap

Dersom sals- eller skjenkestaden opphøyrer eller vert overdregen, skal omsetningsoppgåva sendast inn så snart endelige omsetningstal er klare. Dersom omsetningsoppgåva manglar ved opphøyr av sals- eller skjenkeløyvet, blir det foreteke ei skjønsmessig berekning av løyvegebyret.

Skjenkeløyve for éin enkelt anledning

Kommunen berekner gebyr etter forventa omsetning av alkohol. I etterkant av arrangementet skal det, etter avtale med kommunen, sendast inn omsetningsoppgåve for endelig berekning av omsetningsgebyr.

Ambulerande skjenkeløyve

Gebyr for ambulerende skjenkebevilling (lukka arrangement) er p.t. kr. 390,-.