Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Kunnskapsprøve for sals-, skjenke- og serveringsløyve

Kven kan ta prøven?

Alle som ønskjer det, kan ta kunnskapsprøven etter alkohollova og serveringslova. Kunnskapsprøvene er eit krav dersom du skal ha rolle som styrar, avløysar eller dagleg leiar for ein skjenke-, salsstad for alkohol, eller serveringsstad.

Kva er pensum?

Det vert kravt kunnskap om alkohollova og tilhøyrande forskrift og/eller serveringslova. Pensumhefte og nettprøve kan kjøpast på  Vinn.no

Pris

Pris og betaling - Kunnskapsprøven
Prøve Pris
Kunnskapsprøven - pr. prøve 400

Kor kan du ta prøven?

Prøven vert halden i innbyggjartorget ved Øygarden bibliotek på Sartor Storsenter Straume. Øygarden kommune har ingen faste prøvetidspunkt. Ta kontakt med kommunen på telefon eller epost for å avtale tid. Prøven kan også takast i andre kommunar, t.d. Bergen.

Gjennomføring av prøven

  • Du må leggja fram gyldig legitimasjon som pass, førarkort eller bankkort med bilete.
  • Prøven er ein elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 60 minutt etter alkohollova og 90 min. etter serveringslova. 
  • Prøven er på norsk og det er ikkje høve til å ha med tolk. Prøva for dagleg leiar serveringsløyve kan ha med seg lovtekst som hjelpemiddel. Det er tillate med ordbok.

Tilrettelegging ved spesielle behov

Om du har lese- eller skrivevanskar kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven om igjen så mange gonger du du vil. Du må betale pr. prøve.

Påmelding 

Ta kontakt med kommunen på telefon 56 16 00 00 eller e-post for å avtala tid til prøvetaking. Det må påreknast ventetid på mellom 3-6 veker. 

Unnatak grunna koronaviruset

I den perioden Koronapandemien varar, vil det vere unnatak for prøvetaking. Prøvetaking kan tidvis vere stengt ned, eller vert halden berre i samband med pågåande søknadar om sal- skjenke- eller serveringsløyve (nye eller endring av eksisterande løyve). Ventetid kan også bli lengre enn ved ordiner drift.

Prøvebevis

Etter bestått kunnskapsprøve får du tilsendt eit prøvebevis. Prøvebeviset er gyldig i heile Noreg.

Lover og reglar

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering- sal- og skjenkestadar.