Tilsynsavtalar for kommunale bygg - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Tilsynsavtalar for kommunale bygg

Øygarden kommune skal inngå nye vakt- og tilsynsavtalar for fleirbrukshallane, gymnastikksalane og symjebassenga sine for dei neste to åra. Vi ønskjer difor å koma i kontakt med lag og organisasjonar som mot godtgjersle kan tenkja seg ein slik oppgåve.

Tilsynsavtalar for fleirbrukshallar og gymnastikksalar

  • Hjeltefjorden Arena
  • Ågotneshallen
  • Bildøyhallen
  • Sotra Arena
  • Spildahallen
  • Sundhallen

Det er 23 gymnastikksalar i kommunen. Av desse er ni aktuell for tilsynsavtale:

  • Brattholmen skule
  • Foldnes skule
  • Hjelteryggen skule
  • Knappskog skule
  • Kolltveit skule
  • Liljevatnet (barnehage og kulturskule)
  • Stranda skule
  • Ulveset skule
  • Ågotnes skule
  • Fjell ungdomsskule

Tilsynsavtalar i fleirbrukshallane og gymnastikksalane

Tilsynsavtale i fleirbrukshallane og gymnastikksalane med mykje aktivitet vil ivareta ein vertskapsfunksjon i dei kommunale bygga i kommunen. Vertskapsrolla skal skapa gode rammer for aktivitetane i hallen.

Medverkingsmøte med lag og organisasjonar gav kommunen viktige svar i arbeidet med tilsynsavtalar.

Idretten sjølv peikar på nokre fordelar med ei tilsynsvakt:

  • Brukarane av hallen vert tekne godt i mot av tilsynsvakta som er godt kjend i hallen. Brukarane av hallen. kan få praktisk hjelp dersom det er behov for det. Døme på dette er å låsa opp og lukka dører.
  • HMT vert teke i vare slik at hallen kan vera ein trygg arena for dei som skal nytta han.
  • Ein vil ha oversikt over kven som har tilgang til hallen og kven som kan visast vekk.
  • Ein vil unngå unødig skadeverk, og hallane vil vert betre tekne vare på.

Tilsynsavtalar ved desse symjebassenga

Det er sju basseng av ulike typar som vil vera aktuelle for tilsyn og ansvar ved publikumsbading. Det gjeld:

  • Hjeltefjorden symjehall
  • Terapibasseng Rong
  • Ågotnes symjehall
  • Terapibasseng Straume
  • Bildøy symjebasseng
  • Ulveset symjebasseng
  • Stranda symjebasseng

Teknisk drift av bassenga vert teke i vare av byggdriftsavdelinga i kommunen og firma kommunen har service og driftsavtalar med.

På ettermiddagstid er bassenga til disposisjon for lag og organisasjonar i kommunen. Symjelaga må sjølv stilla med badevakt og tilsynsansvarleg mot at dei får gratis aktivitetstid i bassenget.

Lag som ønskjer ansvar for publikumsbadinga i bassenga i kommunen, må melda interesse for dette. Dei laga som får slike avtaler, vil få billettinntektene for offentleg bading.

Meld di interesse

For å melda di interesse, ta kontakt med kulturleiar Christel Møvik-Olsen på e-post Christel.Movik-Olsen@oygarden.kommune.no innan 16. juli 2021.