Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Søk om ungdomsmidlar

Denne tilskotsordninga gjeld midlar for ungdommar i Øygarden kommune. Målsetjinga med ordninga er å stimulera til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden, med spesiell prioritering til aktivitetar som vert drivne av ungdommane sjølve.

Tilskotssum: kr. 127.000,-
Søknadsfristar: 15. april og 15. oktober

Kva tilskot kan du søkja på?

Du kan søkja om tilskot til aktivitetar, arrangement eller andre tiltak. Det kan vera både eksisterande tiltak eller stønad til realisering av nye.

Tiltaket som det vert søkt om skal:

  • Vera retta mot ungdom i aldersgruppa 13-19 år.
  • Vera geografisk plassert eller ta utgangspunkt i ei plassering i Øygarden kommune.

Øvre søknadssum: Maks 1/3 av søknadssum, opp til 20.000,-

Krav til søknaden

  • Skildring av tiltaket med søknadssum.
  • Finansieringsplan for tiltaket.

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk.

Søk om ungdomsmidlar

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Søknadane vert handsama av Ungdommens kommunestyre.

Rapportering

Det skal rapporterast på bruken av tildelte midlar seinast ein månad etter gjennomføring, inklusiv bilde.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00