Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Søk om spelemidlar til idretts- og nærmiljøanlegg

Dette er ei nasjonal tilskotsordning.

Førehandskonferanse:
Skal du søkja spelemidlar må du bestilla førehandskonferanse innan 15. august (gratis).

Søknadsfrist:
Søknad må sendast til Øygarden kommune via anleggsregisteret innan 15. oktober.

Krav til spelemiddelsøknadar

  • Øygarden kommune ønskjer å fanga opp potensielle spelemiddelsøknadar så tidleg som mogleg, slik at ein får ei god behandling av desse.
  • Vidaresending av søknader for kommunen til Vestland fylkeskommune er innan 15. januar.
  • Alle som skal søkja må gå inn via anleggsregisteret for å leggja inn data, og lasta opp relevante vedlegg som kostnadsoverslag.
  • Anlegget må vera fullfinansiert før innlegging i databasen.

Andre krav til søknaden

  • Anlegget må vera rullert inn i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.
  • Handsaminga av spelemiddelsøknadane omfattar ei rullering av planen for idrett og fysisk aktivitet, med mindre endringar i tiltaksplanen når dette er nødvendig.

Desse vedlegga skal følgja spelemiddelsøknaden

  • Førehandsgodkjende planar med behovsoppgåve for anlegget.
  • Detaljert kostnadsoverslag m/dokumentasjon.
  • Dugnadsarbeid skal gå fram i eit eige oversyn, utført av kvalifisert fagperson, med utgangspunkt i det som etter kostnadsoverslaget skal utførast på dugnad.
  • Finansieringsplan, med utgreiing og dokumentasjon for dei einskilde postane.
  • Plan for bruk, med budsjetterte utgifter og inntekter.
  • Kopi av stadfesta grunnbokutskrift (heimel) for grunnen der anlegget skal byggjast. Ved avtale om feste/leige krev det kopi av tinglyst feste-/leigeavtale på minst 20 år.
  • Godkjent byggesøknad.

Bestilling førehandskonferanse

Ikkje skriv personsensitive eller tausheitsbelagte opplysningar om deg sjølv eller andre.Ikkje skriv personsensitive eller tausheitsbelagte opplysningar om deg sjølv eller andre.
Felt merka med * må fyllast ut
Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00