Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Søk om tilskot til nærmiljøanlegg og idrettsanlegg/kulturbygg

Tilskotssum: kr. 713.000,-
Søknadsfrist: 15. april

Nærmiljøanlegg

Ordninga skal stimulera til utbetring og vedlikehald av nærmiljøanlegg som ballbingar, turløyper, gapahukar, leikeplassar og liknande uteanlegg/uteområde. Det vert også gjeve midlar til etablering av nye nærmiljøanlegg.

  • Tilskot til nærmiljøanlegg føreset eigeninnsats, mellom anna i form av dugnad. 
  • Tiltaket må vera i samsvar med gjeldande kommunale planar.
  • Alle tiltak som krev godkjenning av planavdelinga for bygging/dispensasjon/ m.m. skal vera avklart før ein søkjer.

Idrettsanlegg/kulturbygg/forsamlingshus

Ordninga gjeld tilskot til vedlikehald og/eller miljøsparande tiltak for alle idrettsanlegg, kulturbygg og forsamlingshus.

Krav til søknadane

De må leggja ved budsjett og finansieringsplan for tiltaket. Begge ordningane kan få støtte med inntil 1/3 av totalkostnaden, men ikkje meir enn kr. 50.000,-

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk.

Søk om tilskot til nærmiljøanlegg og idrettsanlegg/kulturbygg

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Søknadane vert handsama administrativt, og lagt fram for Utval for tenester og levekår til orientering.

Rapportering

Det skal rapporterast på bruken av tildelte midlar seinast ein månad etter gjennomføring, inklusiv bilde.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00