Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Søk om kulturvernmidlar

Ordninga skal fremja vernetanken i kommunen, ved å stimulera til å ta vare på, sikra og formidla den lokale kulturarva. Dette kan til dømes gjelda bygningar, gjenstandar, kulturmiljø, segn, musikk og tradisjonar.

Tilskotssum: kr. 215.000,-
Søknadsfrist: 15. april

Om tilskotet

  • Ordninga skal også stimulere til kunnskap om historia og gjera den meir tilgjengeleg.
  • Midlane kan delast ut til organisasjonar, institusjonar, privatpersonar og kommunalt prioriterte tiltak.
  • Dersom tiltaket krev byggeløyve, dispensasjon eller andre løyve frå offentlege organ, må løyva vera gitt før søknad om tilskot blir sendt.
  • Tiltaket må vere påbyrja innan eit år etter at tilskot er motteke.

Slik søkjer du

Søknad må vere elektronisk. Søknaden må innehalde enkelt budsjett/finansieringsplan. 

Søk om kulturvernmidlar

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Søknadane vert handsama av Utval for tenester og levekår.

Rapportering

Det skal rapporterast på bruken av tildelte midlar seinast ein månad etter gjennomføring, inklusiv bilde.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00