Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Søk om kommunale stipend

Du kan søkja om idrettsstipend eller kulturstipend.

Total tilskotssum: kr. 100.000,-
Idrettsstipend: kr. 50.000,-
Kulturstipend: kr. 50.000,-
Søknadsfrist: 15. april

Idrettsstipend

Stipendet kan delast til idrettsutøvarar som representerer idretten i Øygarden kommune. Stipendet vert gjeve til personar busette i eller med anna sterk tilknyting til Øygarden kommune.

Stipendet skal nyttast til vidareutvikling av idrettsengasjementet, som t.d. deltaking i meisterskap, treningsopphald og innkjøp av spesialutstyr.

Søknaden skal innehalde:

  • Grunngjeving og ein plan for bruk av stipendet
  • Kostnadsoverslag.
  • Søkjarar må opplyse om tilknyting til Øygarden kommune, og om andre stipend dei eventuelt har motteke dei siste 4 åra.

Kulturstipend

Stipendet kan delast ut til personar eller grupper som utmerker seg særleg innanfor kunstnarleg verksemd. Stipendet vert gjeve til personar/grupper som er busette i - eller med anna sterk tilknyting til - Øygarden kommune.

Stipendet kan nyttast til bestemte arbeidsoppgåver, prosjekt, studiereiser, etablering eller utdanning.

Søknaden skal innehalde:

  • Grunngjeving og ein plan for bruk av stipendet
  • Kostnadsoverslag
  • Søkjarar må opplyse om tilknyting til Øygarden kommune, og om andre stipend dei eventuelt har motteke dei siste 4 åra.

Slik søkjer du

Søknad må vere elektronisk. 

Søk om idrettsstipend/kulturstipend

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Utval for tenester og levekår står for tildelinga, og kan kvart år dele ut eitt eller fleire idrettsstipend og kulturstipend.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00