Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Søk om tilskot til inkludering og humanitære organisasjonar

Tilskotssum: kr. 190.000,-

Om tilskotsordningane

Inkludering

Lag og organisasjonar i Øygarden kommune kan søkja tilskot for å inkludera barn og unge som av økonomiske årsaker ikkje kan delta i fritidsaktivitetar. Målet med tilskotet er at fleire får delta i aktivitetar.

Tilskotet går til deltakaravgift, reiseutgifter, kontingentar for barn og unge i målgruppa opp til og med 19 år.

Søknadssum: Maks 1/3 av kostnad, opp til 15.000,-

Søknadsfristar: 15. april og 15. oktober


Humanitære organisasjonar

Gjeld for lokale hjelpeorganisasjonar/humanitære organisasjonar med det hovudføremål å drive opne, sosiale og førebyggjande tiltak/tilbod. Tilskotsordninga må støtte tilbod som rettar seg mot særskilde målgrupper.

Øvre søknadssum: 10.000,-

Søknadsfrist: 15. april


Krav til søknaden

  • Søknaden må grunngjevast
  • Budsjett må vedleggast. 

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk. 

Søk om tilskot til inkludering

Saksbehandling

Søknadane vert handsama administrativt, og lagt fram for Utval for tenester og levekår til orientering.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00