Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Søk om driftstilskot til idrett

Driftstilskot vert gjeve til idrettslag/råd som har si verksemd i Øygarden kommune. Tildelinga skjer på grunnlag av medlemstal. 

Tilskotssum: kr. 886.000,-
Søknadsfrist: 15. april

Alle organisasjonar som er medlem i Øygarden Idrettsråd får eit grunnbeløp som er sett til kr. 10.000,- i tillegg til ein sum pr. medlem. Summen av tilskotet vert utrekna ut frå tal på medlemar som er innrapportert til Vestland Idrettskrets/Norges Idrettsforbund, frist sett av Norges Idrettsforbund.

Krav til søknad

Idrettslaga må vera opne for alle, ha eit vald styre og ha betalande medlemar.

Søknaden må innhalda

  • Rekneskap
  • Årsmelding

Dersom noko manglar, vil søknaden ikkje verta vurdert.

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk.

Søk om driftstilskot til idrett

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Søknadene vert handsama administrativt, og lagt fram for Utval for tenester og levekår til orientering.

Fordelingsnøkkel

Medlemar under 20 år vert vekta med 80 %, og medlemar over 20 år vert vekta med 20 %. Dei organisasjonane som ikkje er medlem i Øygarden Idrettsråd får berre grunnbeløpet, og tal på medlemar vert ikkje vektlagt.

Øygarden Idrettsråd får eit tilskot på kr. 30.000,-. Desse midlane vert tildelte frå den totale summen som er sett av til idrettslag/idrettsråd.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00