Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Invitasjon til å vere medarrangør i sommartilbod til barn og unge

Vi er på jakt etter lokale aktørar som vil vere med og arrangere eit bredt sommartilbod til barn og unge i Øygarden.

Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

I samband med nedstenging av skular og fritidstilbod som følgje av korona har regjeringa i år gitt ekstra midlar til kommunane til å arrangere sommarskule.

Målet med sommartilbodet er å gje fleire barn og unge ein arena der dei kan delta i kulturelle, sosiale eller faglege aktivitetar i sommarferien, og skape gode sommarminne frå Øygarden.

Dette kan vere ein arena der lokale lag og organisasjonar kan vise seg fram og  auke rekrutteringa.

Kriterium

For å søkje om støtte til å arrangere sommaraktivitetar må kursa:

  • vere tilpassa ei målgruppe innanfor 1.-10. trinn
  • vere lagt til skulen sin sommarferie
  • vere gratis for deltakarane
  • gjerne vere ei vekes opplegg med program kvar dag frå kl. 9.00-15.00. Merk: andre opplegg med kortare varigheit kan også søkje

Tildeling vil skje etter ei heilskapleg vurdering av kvalitet og pris.

Søknad

Ønskjer de å bidra kan de sende søknad til sommar@oygarden.kommune.no innan 11. mai.

Søknaden må innehalde:

  1. Plan for aktivitetane, inkludert mål
  2. Totale kostnadar (inkl. løn og utstyr)
  3. Føretrekt tidspunkt
  4. Tal på elevplassar
  5. Tal på vaksne som er til stades

Arrangørar må tilfredsstille kommunen sine krav til politiattest for tilsette og smittevernomsyn. Dette koordinerast i samarbeid med kommunen.

Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål

Annette Henden
annette.henden@oygarden.kommune.no
Tlf. 977 06 783

Hilde Kristin Egeland
hilde.egeland@oygarden.kommune.no
Tlf. 975 85 142