Ofte stilte spørsmålLytt til tekstenStopp avspilling Ofte stilte spørsmål om kulturskulen Kva er brukarnamnet mitt? Kva er passordet? Første gong du registrerer eleven, klikkar du Ny elev. Kvar elev har sitt eige brukarnamn og passord. Brukarnamnet er fødedatoen i formatet DDMMÅÅ Då du fekk melding om at du kom med i søkjarlista, fekk du lenkje til å oppretta passord. Dersom du ikkje har oppretta passord eller har gløymt det, kan du bruka funksjonen Glemt passord i innlogginga. Du må då oppgje e-postadressa som du registrerte ved søknad. Har du endra e-postadresse i mellomtida, må du ta kontakt med Kulturskulen pr telefon eller e-post, så registrerer vi den nye e-postadressa for deg. Når og kor skjer undervisninga - individuell? Lærarane set opp timeplan ved første frammøte i samråd med dei frammøtte elevane og foreldra. Dei fleste lærarane underviser fleire dagar på fleire stader. Vi kan difor ikkje seia på førehand når det er undervisning i t.d. piano eller gitar. Når og kor skjer undervisninga - gruppe? Er det meir enn ei gruppe i eit fag, er gruppene aldersdelte. Eleven vert plassert i aktuell gruppe, og du får melding før skulestart om tid og stad for undervisninga. Skuleåret Kulturskulen følgjer skuleruta i kvar kommune med omsyn til skulestart, haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie, siste skuledag og nasjonale fridagar. Publisert12.11.2019 15.59 Sist endra23.03.2020 16.12