Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset i Øygarden | Registrer deg for vaksine | Smitteverntiltak i Øygarden

Elevreglement

For å få plass i kulturskulen må du ha lest og godtatt elevreglementet.

Her er elevreglement for Øygarden kulturskule:

Undervisning
Elevplass
Vidaremedling
Betaling
Oppseiing

Undervisning

  • Den årlege undervisninga for Øygarden kulturskule følgjer eiga skulerute, som er på 38 veker og kan avvika noko i detalj frå skuleruta på den enkelte grunnskulen. Undervisninga føregår til vanleg måndag–fredag, men kan i somme høve bli lagt som helgeseminar. Undervisningsåret er delt i to semester, eit haust- og eit vårsemester.
  • Konsertar o.l. er ein del av undervisninga ved Øygarden kulturskule. Eleven har difor plikt til å delta på slike etter avtale med lærar.
  • Dersom ein elev må vera borte frå skulen meir enn to undervisningstimar, skal eleven gje melding til kulturskulen.
  • Ønsker eleven og/eller føresette å ta opp saker som vedkjem undervisninga, skal dette gå gjennom læraren først.
  • Eleven har plikt til å møta presis og vera vel førebudd til timen.
  • Eleven må til ei kvar tid retta seg etter det ordensreglementet som gjeld på den skulen der undervisninga finn stad.

Elevplass

  • Søknad om opptak skal sendast til Øygarden kulturskule på elektronisk søknadsskjema. Søkjarar kan få hjelp til dette på biblioteket eller på servicetorget i Fjell rådhus. Fjell kulturskule tek atterhald om at enkelte kurs kan falla ut.
  • Dersom det er fleire søkjarar enn skulen kan ta opp, vert det teke omsyn til:
    - alder 
    - ansiennitet 
    - innsatsvilje
  • Ein elevplass ved Øygarden kulturskule vert tildelt ein elev ved eitt kurs. Elevplassen kan ikkje overførast til ein annan person eller til eit anna kurs. Eleven kan då ha plassen inntil den vert oppsagt (sjå vidaremelding nedanfor).
  • Dersom elev- og undervisningsreglement vert oversett, eller ein elev viser ei framferd som hindrar arbeidet i kulturskulen, kan rektor etter samråd med lærar utvisa eleven for kortare eller lengre tid. Kontingenten vert ikkje refundert for ein elev som er vorte utvist. Dei føresette skal på førehand få informasjon om saka, og dei har rett til å klaga avgjerda (forvaltningslova, kapittel VI).

Vidaremelding

For å overføra ein elevplass eller plass på ventelista til eit nytt skuleår må eleven meldast vidare. Det vert sendt ut e-postpåminning om dette (elektronisk lenke) om våren. Er eleven ikkje meldt vidare innan oppgitt frist, vert det oppfatta som oppseiing.

Betaling

  • Kontingent skal betalast på forskot. For å unngå å betala for ein ubrukt elevplass for vårhalvåret, må plassen seiast opp seinast 1. desember.
  • Elevane må sjølv kjøpa det materiellet dei får bruk for. Undervisning i større grupper som kor o.l. kan vere unnateke frå denne regelen.
  • Dersom tvingande grunnar – t.d. flytting frå kommunen eller lengre sjukdom, dokumentert med legeattest – hindrar eleven i å møte til timane, kan ein søkja om å få refundert kontingent.
  • Det vert ikkje gitt moderasjon i kontingent for fridagar, feriedagar og planleggingsdagar. Det vert heller ikkje gjeve moderasjon eller refusjon for timar som eleven ikkje brukar, og læraren er ikkje forplikta til å ta igjen slike timar.
  • Dersom timar vert avlyste av Øygarden kulturskule, er skulen ikkje forplikta til å ta igjen desse timane. Timar som vert avlyste kan gje redusert kontingent dersom timane utgjer ein stor del av undervisninga.
  • Når særlege grunnar tilseier det, kan rektor for Øygarden kulturskule innvilga heilt eller delvis gratis undervisning. Søknad om gratis undervisning skal sendast til Øygarden kulturskule, og vert behandla konfidensielt. Avgjerda kan klagast (forvaltningslova, kapittel VI).Det må søkjast på nytt om friplass for kvart skuleår.
  • Kommunestyret kan i samband med budsjettbehandlinga endra kontingentsatsane for andre halvår. Dei nye satsane vert kunngjorte på Øygarden kommune si nettside i januar, med ein frist på 15 dagar for å seie opp elevplassen.
  • Manglande betaling vert behandla som oppseiing frå det tidspunktet den ubetalte fakturaen vert sendt til inkasso. Eleven misser plassen sin ved Øygarden kulturskule frå same tidspunkt.

Oppseiing

Elevplassen kan berre seiast opp ved å venda seg til Øygarden kulturskule ved hjelp av elektronisk skjema, eventuelt munnleg eller skriftleg direkte til kulturskuleadministrasjonen. Melding til lærar er ikkje gyldig oppseiing. Oppseiing er gyldig når den er stadfest skriftleg av Øygarden kulturskule.

Øygarden kulturskule
Telefon 55 09 68 70
Mobil 906 56 836

Adresse

Arefjordvegen 290,
5355 Knarrevik