KystpassetLytt til tekstenStopp avspillingKystpasset er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden kommune. Her finn du mange flotte turopplevingar og nye løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å verta kjend med nye område i kommunen. Ta med deg klippekortet du finn i heftet, og klipp deg inn framme på turdestinasjonane. Då vert du med i trekninga av fine premiar.PrisKystpasset er gratis.Korleis få Kystpasset?Du kan hente Kystpasset i daglegvarebutikkar og på bensinstasjonar i kommunen. Du kan også laste ned Kystpasset og sjekke deg inn på turmåla via SjekkUt appen.Last ned appen i Google Play | Last ned appen i AppstoreHer er Kystpasset for 2020 Sist endra06.01.2021 08.17