Bål og grilling - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Bål og grilling

I Noreg har vi eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) utan løyve frå kommunen ved brannvesenet. 

Bålforbodet er eit generelt forbod mot å tenna bål, eingongsgrillar, bålpannar og anna open ild, i skog og utmark. Du kan altså, med nokon atterhald, tenne bål i utmark fom. 16. september tom 14. april.

Det er ein allemannsrett å tenne bål, sjølv om bålbrenning ikkje er regulert i friluftslova. Allemannsretten gjer rett til å ferdes og opphalde seg i utmarka i Noreg – når ferdselen «skjer omsynsfullt og med tilbørleg varsemd»

Her kan du tenne bål i perioden 16. september t.o.m. 14. april

I innmark:

  • Du kan tenne bål i same periode som for utmark – dersom du har fått løyve frå grunneigar eller bruker

I utmark:

  • du kan tenne bål i perioden 16. september–14. april
  • du kan tenne bål i perioden 15. april–15. september der det openbart ikkje kan føra til brann

Her kan du grilla når det er bålforbod

Sjølv om det er bålforbod, er det framleis mogleg å grilla. Du kan grilla så lenge du ikkje utset andre for røykforureining og det ikkje er fare for brann. Før du fyrer opp grillen, bør du sjekka om det er reglar, for eksempel frå grunneigar, burettslag og sameiger, skilt i parkar eller liknande, som seier noko om kva som er lov å gjera.

Eksempel på kva dette kan vera:

  • Private hagar, burettslag og sameiger
  • Strandområde som ikkje er i nærleiken av skog eller anna vegetasjon

Når det er høg skogbrannfare

I periodar med høg skogbrannfare, tilrår vi at du ikkje tenner kaffebål eller grillar i skog og utmark. Sjekk skogbrannindeksen på yr.no før du skal på tur.

Primus og kokeapparatar

Bruk av primus og kokeapparatar kan nyttast i dei tilfelle der det openbert ikkje er fare for at det kan oppstå brann. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdera om det er forsvarleg å bruka primus og kokeapparat.

Kaffebål i skog, utmark og kystlinje

Du kan laga kaffebål i perioden 16. september til 14. april der det er opplagt at det ikkje kan starta ein brann. Utover dette er det eit generelt forbod mot kaffebål i skog og mark.

Eingangsgrill

Du kan bruka eingangsgrill i perioden 15. april til 15. september

Dette må du passe på:

  • Du må plassera grillen på eit brannsikkert underlag. Grillen skal aldri stå rett på bakken.
  • Sikra god avstand til anna brennbart materiale.
  • Hald oppsyn med grillen til ei kvar tid.
  • Sløkk grillen med rikelig med vatn.

Kast grillen i egna grillcontainer, og ikkje i ein avfallsbehaldar. Grillen kan innehalda glør og varme i opptil 24 timar etter bruk, sjølv om du har prøvd å sløkka han med vatn.

Brenning av hageavfall, bråtebrenning og ureint trevirke

Informasjon om brenning av avfall.

Øygarden brann og redning (vakttelefon)
Mobil 934 41 998

Adresse

Tranesvegen 15
5347 Ågotnes