Bygdebøker - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Bygdebøker

Ei rekke bygdebøker om dei tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden er gitt ut, og fleire vil koma i dei næraste åra. 

Klikk for stort bilete

Hausten 2020 vart det sjuande og siste bandet i serien Fjell bygdebok lansert. Boka tar for seg historia i kommunen dei siste 110 åra. I denne perioden gjekk levekåra og folkekulturen i Fjell gjennom enorme endringar. Tidleg på 1900-talet levde fjellsokningar flest framleis som fiskarbønder, men utbygging av industri og moderne kommunikasjonar gav nye impulsar som omskapte gardar og grender på øyane vest for Bergen.

Halvor Skurtveit skriv om perioden frå 1910 til 1960, medan Gaute Losnegård tar for seg tida frå 1960 og heilt fram til kommunesamanslåinga 31. desember 2019.

Både den nye boka og dei andre bygdebøkene for Fjell og Sund kan kjøpast i innbyggartorga på Straume, i Skogsvåg og på Rong, i tillegg til i bokhandlane på Sartor storsenter og i alle store nettbokhandlar.

Følg Bygdebøkene på Facebook og Instagram

For meir informasjon og prisar, klikk på boksane under.