Frivillig innsatsLytt til tekstenStopp avspillingFrivillig er eit omgrep som ofte blir brukt om dei som gjer ein innsats for andre utan løn eller nokon anna form for økonomisk godtgjersle. Kunne du tenkje deg noko meiningsfullt å fylle dagane med? Du kan vera besøksven, turleiar, hjelpe nokon å handle, praktisera norsk med innvandrarar, gå natteramn, trene eit idrettslag eller noko heilt anna. Det er nesten berre fantasien som sett grensar for kva du kan gjere som frivillig. Klikk deg inn i Aktiv kommune og finn din organisasjon. Finn du ikkje riktig plass for deg, kan du ta kontakt med oss i Øygarden frivilligsentral så vil vi hjelpe deg på riktig veg. Frivillig på institusjon Vi har også kultur for frivillige på institusjonar. Dei frivillige kan her hjelpe til under måltida, vera aktivitetsvenn eller besøksvenn for ein eldre eller stå for ein aktivitet. Dei som er frivillige på institusjonane blir følgt opp av ein frivilligkoordinator. Klikk her for å finne kontaktinformasjon. Andre spørsmål Her finn du oversikt over lag og organisasjonar i Øygarden Kontakt oss på telefon 56 16 00 00 eller e-post frivillig@oygarden.kommune.no Sist endra06.01.2021 09.04