Yoga for barn 1. 4. trinn - Temahuset på Straume

Yoga - Klikk for stort bilete

Alder: 1. - 4. trinn (skuleåret 21/22)
Dato: Tysdag 28. og onsdag 29. juni
Tid: Kl. 10.00 - 13.00.
Stad/oppmøte: Arhat senteret. 2. etasje i Temahuset på Straume (over Jysk). Inngang på baksida mellom fysioterapeuten og kyrkjekontoret. Adresse: Tyttebærbrekko 2, 5353 Straume.
Pris: Kr. 140,- (for to dager)

Om aktiviteten

Yoga tilrettelagt for barn på 1.-4. trinn
I løpet av desse dagane har vi fokus på å skape nysgjerrigheit, gi rom for kreativitet og nye måtar å utfolde seg på. Dette er fysisk aktivitet på ein lekande måte! Fokuset er på gøy yogaleik og barna føler mye meistring undervegs. Vi øver på bevisst tilstedeværelse og barna lærer å lytte til sin eigen pust og bruke sansane.

Ingen forkunnskapar er nødvendige. Vi tilpassar yogaen til alle funksjonsnivå og vektleggar ein atmosfære utan konkurransepreg. Passar like godt for gutar som for jenter.

Om arrangøren

Bente Elvemo er sertifisert yogalærer innan to retningar og barneyogalærer. Eiar av yogafirmaet Bona Vita Yoga på Straume.

Påmelding

Meld deg på her

Ved påmelding på e-post ber vi om at dei skriv fullt namn, alder, adresse og telefonnr. til føresette. Husk å skrive om barnet skal delta på gruppe 1 eller 2.

Kontaktinformasjon

Bente Elvemo
E-post: post@bonavitayoga.no
Tlf.: 950 05 755