Sommar i Øygarden

Her finn du informasjon informasjon om opningstid, kystpasset, informasjon om sommarles, jobba i Øygarden etter sommaren og du kan vinna gåvekort. Hugs smittevernreglane! Vi ønskjer deg ein riktig god sommar.

Klikk for stort bilete

Takk for at du er med på dugnaden!

Det gler oss at innbyggjarane støttar opp om smitteverntiltaka. Dette er heilt nødvendig for å unngå spreiing av smitte. Sjølv om det for tida er lite smitte blant befolkninga, skal det lite til for at smitte blussar opp igjen. Difor oppmodar vi oss alle til å vera nøye med å halda oss til reglar og pålegg frå sentrale og lokale styresmakter.

Tom Georg Indrevik, ordførar | Rune Lid, kommunedirektør

Opningstid kommuneadministrasjonen

  • Juni: 09.00–15.00
  • Juli: Øygarden rådhus Straume: 09.00–15 .00. I Skogsskiftet og Rong er administrasjonsbygga opne for avtalte besøk og vert betjente av digitale besøksvertar.
  • August: innbyggjarservice vert samlokalisert med biblioteka på Sartor Storsenter, Rong senter og Sund senter.

Sentralbordet

Telefon 56 16 00 00 er opent frå 08.00–15.30 (måndag til fredag i heile sommar). Kontakt oss

Klikk for stort bilete

Kystpasset

Kystpasset er eit turhefte der du finn mange flotte turopplevingar.Ta med deg klippekortet du finn i heftet, og
klipp deg inn framme på turdestinasjonane. Då vert du med i trekninga av fine premiar.

Du kan henta Kystpasset i daglegvarebutikkar og på bensinstasjonar i kommunen. Du kan også lasta ned Kystpasset og sjekka deg inn på turmåla via SjekkUt appen.

Her finn du informasjon om bål og grilling

Klikk for stort bileteInstagram

Del vakre bilete frå din sommar i Øygarden på Instagram og merk bilete med #øygardenkommune #sommariøygarden

Velkomen i naturen - avgrens smittefaren!

  • Vis omsyn, hald god avstand
  • Ikkje bruk toalett, gapahauker og rasteplassar, men finn din eigen rasteplass for å redusera smittefaren
  • Ikkje legg igjen søppel. Ta med søppel heim.

På nettsida til Bergen og Omland Friluftsråd finn du meir informasjon
Klikk for stort bilete

Velkomen til Øygardsbiblioteka

Opningstider i juni:

  • Straume: Måndag, torsdag og fredag: 11.00-16.00, tysdag: 11.00-19.00 og laurdag: 11.00-15.00.
  • Rong/Skogsskiftet: Torsdag: 12.00-19.00 og fredag: 10.00-16.00

Sommarles

Alle barn i 1. - 7. klasse er velkomne til lesekampanje. Startar du i 1. klasse til hausten eller nettopp er ferdig med 7. klasse, kan du også delta.

Les så mykje du orkar, samstundes som du samlar XP (poeng), trofé og premiar. Lån bøker på biblioteket og hent
kodeord og premiar. Registrer alt du les på www.sommarles.no

Nettsida til Øygardsbiblioteka | Facebooksida til Øygardsbiblioteka

Vinn gåvekort

Vis at du handlar i Øygarden kommune. Merk bilete med #takkøygarden på Instagram.
Vekstportalen deler ut gåvekort kvar månad fram til nyttår.

På nettsida til Vekstportalen finn du meir informasjon og videoar om haldningskampanjen

Klikk for stort bilete

Jobba i Øygarden etter sommaren?

Vi har fleire spennande ledige stillingar; pedogogiske leiar, konsulent politisk service, fastlegeheimel, sjukepleiar,
lønskonsulent, miljøterapeut og helsefagarbeidar. Velkomen som søkjar!

Oversikt over ledige stillingar

Følg smittevernreglane!

For tida er det lite koronasmitte blant befolkninga. Hugs at det skal lite til for at det vert smitteutbrot.

  • Hald deg heime dersom du er sjuk og følg reglane for karantene og isolasjon.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og vatn eller desinfeksjonsmiddel.
  • Hald god avstand til kvarandre, minst eín meter.
  • Bruk av munnbind er eit godt smitteverntiltak når du er tett på folk, t.d. på bussen eller i spesielle arbeidssituasjonar.

Lokal informasjon om koronaviruset | Nettsida til Folkehelseinstituttet