Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Idrett

Idrett og fysisk aktivitet engasjerer flest menneske i fritida.

Tilrettelegging
Idrettshallar og gymsalar
Fotballbanar
Symjehallar
Leige av bygg og anlegg
Nærmiljøanlegg
Tilskot og stipend
Nyttige lenkjer

Rettleiing om smittevern ved utlån av kommunale idrettsanlegg, bygg og lokale. Gjeld frå 25. august 2020. Her finn du meir informasjon


Tilrettelegging

For å skapa aktivitet er det viktig og nødvendig å tilretteleggja for utvikling av arenaer; frå dei heilt enkle som turvegar og nærmiljøanlegg – til dei meir kompliserte og kostbare som idrettshallar og kunstgrasbanar. Sjølve aktiviteten skal skje i regi av dei frivillige organisasjonane eller som uorganisert aktivitet.

Øygarden kommune byr på eit allsidig og rikt idrettsliv. Pr i dag er det ca 60 idrettslag i kommunen, med ein samla medlemsmasse på om lag 10 000.

Lag og organisasjonar i Øygarden kommune

Idrettshallar og gymsalar

I kommunen finnast det seks idrettshallar, med åtte speleflater.
Gymnastikksalar er spreidde rundt i kommunen, der lag og organisasjonar driv med trening.

Fotballbanar

Vi har fleire fotballanlegg, både kommunale og private anlegg. 

Symjehallar

Alle symjehallane er stengde for offentleg bading ut 2020.

Vi har fleire symjeanlegg i kommunen:

Leige bygg og anlegg

Søknad om bruk av anlegga skjer gjennom AktivKommune. Når det gjeld søknad om fast treningstid, skal det skje på eige skjema. Søknadsperiode er 1. mars til 1. mai. Du må søkja på nytt for kvar sesong.

Søk om fast treningstid

Nærmiljøanlegg

Nærmiljøanlegg skal ikkje dekkja behovet for anlegg til organisert idrettslig aktivitet eller ordinære konkurransar i idrett. Områda eller anlegga skal vera fritt, allment tilgjengelege og berekna på uorganiserte idrettslige uteaktivitetar, primært for barn og unge, men også for lokalbefolkninga elles. Med nærmiljøanlegg meinast berre utendørsanlegg, for eksempel ballbinge og sandvolleyballbane.

Tilskot og stipend

Vi har fleire tilskotsordningar i kommunen. Her finn du meir informasjon om tilskot og stipend

Nyttige lenkjer