Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som skal sikre at alle skuleelevar får oppleve profesjonell kunst og kultur.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Shuttlestock

På programmet til DKS i Øygarden kommune er det musikk, film, kulturarv, litteratur, scenekunst og visuell kunst.

Vi søkjer no etter formidlarar til neste skuleår.

Kriterium for Den kulturelle skulesekken

Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka kan sende inn forslag til programmet i DKS i Øygarden kommune.

Søknad for Den kulturelle skulesekken

Føljande krav og kriterium ligg til grunn for utvalet av kunst- og kulturproduksjonar i DKS Øygarden kommune, skuleåret 2020–2021:

  • Framleggstillar skal ha levert fullstendig framlegg innan fristen. Frist er sett til 10. juni 2020 kl. 12:00.
  • Kvar produksjon i programmet skal ha profesjonalitet i innhald og formidling.
  • Programmet skal gjennomførast i skuletida.
  • DKS Øygarden ønskjer variasjon i uttrykk og sjanger, spelestad og formidlingsmåte.
  • Programmet skal tilføre skulane i Øygarden kommune eit møte med profesjonell kunst og kultur og ikkje erstatte delar av undervisninga skulen har i estetiske fag.
  • DKS Øygarden kommune ønskjer å prioritere lokale utøvarar.
  • DKS Øygarden ønskjer eit mest mogleg variert tilbod.
Bjørn Andersen
E-post
Telefon 55 09 68 70

Hilde Kristin Egeland
Send e-post
Mobil: 975 85 142