Borgarleg vigsel

Søk om prøvingsattest

Brudeparet må fyrst søkja om prøvingsattest frå Skatteetaten v/folkeregisteret. Det kan ta opp mot seks veker før de får svar på om vilkåra for ekteskap er oppfylt. Prøvingsattesten er unnateke offentlegheita, og de vil anten få tilsendt prøvingsattesten elektronisk eller per post.

Ta kontakt med kommunen

Når de har motteke gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten kan de ta kontakt med kommunen og reservere tid for vigsel. Ver merksam på at prøvingsattesten berre er gyldig i fire månader og at vigsel må haldast før den tid.

Datoar for vigsel

Ein fredag og ein laurdag i månaden gjennomfører vi vigslar mellom kl 12-15 etter oppsatt plan:

  • Februar: 21. og 22.
  • Mars: 20. og 21
  • April: 24. og 25.
  • Mai: 22. og 23.
  • Juni: 19. og 20.
  • Juli: Etter førespurnad
  • August: 21. og 22.
  • September: 18. og 19.
  • Oktober: 23. og 24.
  • November: 20. og 21.
  • Desember: 18. og 19.

Vi kan gjennomføre borgarleg vigsel på andre tidspunkt etter nærare avtale, under føresetnad at vi har vigslar tilgjengeleg.

Etter at de har reservert tid for vigsel må de kome inn til samtale på rådhuset og levere original prøvingsattest, ev. med dokumentasjon på lovleg opphald, vise gyldig legitimasjon og avklare rammer for seremonien. De vil deretter få tilsendt brev frå oss som stadfestar tid for vigsel.

Krav til dokumentasjon

Krav til dokumentasjon

Avklare rammer for seremonien

Når brudeparet kjem inn for samtale må påkrevd dokumentasjon, original prøvingsattest og gyldig legitimasjon, takast med. I tillegg vil det avklarast vigslar, seremonirom, eventuelle kostnader, målform på vigselformularet og andre rammer for seremonien, under samtala.

Vigslar

I tillegg til ordførar og varaordførar, som har mynde etter lova til å vigsle brudeparet, har kommunestyret vedteke at følgjande politikarar og tilsette har mynde som vigslar i Øygarden kommune 2019-2023:

  • Tom Georg Indrevik, ordførar (H)
  • Atle Dåvøy, varaordførar (KrF)
  • Marianne Sandahl Bjorøy (AP)
  • Espen Stølsnes Harkestad (AP)
  • Nils Kåre Skoge (H)
  • Børge Haugetun (V)
  • Anne-Merete Vabø Haugane, kommunalsjef for Oppvekst
  • Christel Møvik Olsen, kulturleiar

Seremonirom

Det er ordføraren sitt kontor i Øygarden rådhus som blir brukt til vigsel, som standardtilbod. Vigsel kan også gjennomførast andre stadar, etter førespurnad, men då må vigslar sjølv vurdere kapasitet, om det er praktisk mogleg og i tillegg kan det medføre ekstrakostnader for brudeparet.

Pris

Kommunen sitt standardtilbod for borgarleg vigsel er gratis for eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busette i landet men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge jf. forskrift om kommunale vigslar § 2.

Dersom brudeparet har andre ynskjer om tid og stad for seremonien så kan det medføre ekstrakostnader som de sjølve må dekke. Dersom de bur i ein annan kommune så vil det også medføre kostnader å gifte seg i Øygarden kommune. De vil få nærare informasjon om prisar når de tek kontakt med kommunen.

Korleis føregår seremonien?

Borgarleg vigsel - Korleis føregår seremonien?

Kjønnsnøytral ekteskapslov

I Januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Det inneber at personar av same kjønn kan gifte seg. Tidlegare inngått partnarskap kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret