Sjå bilete og video frå 17. mai-feiringa

17.mai-feiringa i Øygarden vart annleis i år. Trass i kald nordavind og knapt nok 10 grader, var det godt bunadsvèr og mange hadde funne vegen ut langs vegane for å sjå dei fire kortesjane. Her vil du finna opptak av sendinga, videoklipp frå kortesjane og mange bilete.

Klikk for stort bilete

200 køyretøy deltok i kortesjane

I dei fire kortesjane (nord, vest, aust og sør) deltok det totalt om lag 200 køyretøy. Dette er både ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen imponert over.

- Eg takkar alle som deltok i feiringa i dag. Kortesjen var prega av stor variasjon. Sjølv var eg med på flaggheising på Kolltveit skule og kransenedlegginga ved Fjell kyrkje. Det var ei verdig markering og ein viktig tradisjon vi må ta vare på, seier ordføraren. På markeringa ved Fjell kyrkje deltok også Sotra Vest Musikkorps og Ulveset skulekorps. Korpsa hadde også oppdrag på Langøyna, Vindenes og Ågotnes. Dirigent var Rene Wiik.

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen let seg også imponera over dagen.

- Eg håpar at vi med dette får fram ein god fellesskapsskjensle. Det var også OK at det ikkje vart noko utrykning i løpet av den tida kortesjen gjekk føre seg, seier kulturleiaren.

Bilete frå kortesjane finn du nede i programmet i nedtrekksboksane.

Her er køyretøya som Øygarden brann og redning stilte opp med.  - Klikk for stort bileteHer er køyretøya som Øygarden brann og redning stilte opp med. Geir Jensen  
Svein Ekrem, som leia direktesendinga, seier at det allereie no er høve til å sjå videosendinga i opptak. Det vart diverre teknisk trøbbel i tre av dei fire videosendingane frå sjølve kortesjane. Det vert likevel nokre utdrag i sendinga frå klokka 18.  

Flaggheising og kransenedleggingar

Her kan du sjå bilete frå kransenedleggingar og flaggheising på Spildepollen skule:

Kransenedleggingar og flaggheising

Digital gudsteneste

Du kan sjå digital gudsteneste frå gamle Hjelme kyrkje. Tale ved sokneprest Espen Tveten. Ordførar Tom Georg Indrevik deltek. Det er song og musikk ved Gospelteens og organist Øystein Steinsland. 

Sjå opptak frå digital gudsteneste

Kulturprogram på nett-TV

  • Formell opningstale av ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i  Ungdommens kommunestyre Karoline Sæle Einevoll
  • Kulturelle innslag med musikk, kåseri og teikningar. Lokale artister som Vivian Steinsland, Trond Olsen, Martin Engelsen, Roy Vorland, Hege Turøy m.m. I tillegg deltek kulturskuleelever frå Øygarden.

Her kan du sjå sendinga på YouTube

Kortesjane

Her kan du sjå bilete frå alle dei fire kortesjane:

17. mai

Nett-TV: Oppsummering av dagen

Reprise pluss innslag frå feiringa innsendt av innbyggjarar frå Instagram med #17maiøygarden 

Her kan du sjå oppsummering av dagen

Instagram

Det ligg mange flotte bilete på Instagram sjå #17maiøygarden

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

17. mai talar