Konsesjon

Konsesjon betyr i dette tilfellet «løyve til erverv» av fast eigedom. «Erverv» vil seia alle måter ein kan overta ein eigedom på (kjøp, gåve, arv).

I nokre tilfelle må ein søkj om konsesjon, i andre høve kan vera nok å fylla ut ein eigenerklæring om konsesjonsfrihet. Det er konsesjonslova som regulerer dette.  Er du i tvil om kva som gjeld for ditt erverv, kan du ta kontakt med kommunen.

Konsesjonsfrihet

Dei aller fleste erverv er konsesjonsfrie. I nokre høve må du likevel fylla ut  skjemaet eigeneerklæring om konsesjonsfrihet, skjema LDIR-360 . Dette gjeld for all eigedom som er større enn 2 dekar, og ubebygd eigedom. Skjemaet skal fyllast ut og sendast inn til kommunen før du kan senda skøytet til tinglysing. Kommunen registrerer eigenerklæringa i matrikkelen slik at stadfestinga er tilgjengeleg for Statens kartverk ved tinglysing. Melding om at dette er gjort, vert sendt til søkjar. Det er difor viktig at du oppgjev e-post adressa i søknadsskjemaet.

Merk at ervervet òg kan vera konsesjonsfritt på bakgrunn av slektskap til seljar. Du kan lesa meir om konsesjonsfridom på nettsida til Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Når må eg søkja om konsesjon?

Dersom ervervet ikkje er konsesjonsfritt, må du søkja konsesjon. Dette avheng mellom anna av storleiken på eigedomen og slektskap til seljar. Sjå rettleiinga hjå landbruksdirektoratet om i kva høve det må søkjast om konsesjon.

Søknad om konsesjon må setjast fram på skjema LDIR-359.  Det må i tillegg leggjast ved skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale.

Gebyr

Gebyr for behandling av søknad om konsesjon vert fakturert av Øygarden kommune. Satsane går fram av lokale forskrifter om kommunale avgifter.

Det er ikkje gebyr på behandling av eigenerklæring om konsesjonsfrihet.