Ofte stilte spørsmålLytt til tekstenStopp avspillingHer finn du ofte stilte spørsmål om byggesak. Ofte stillte spørsmål Dele eigedomen før bygging? Skal eigedomen din delast før den skal utbyggast, må søknad om deling vere godkjent før byggesaka di kan bli behandla. Kva er status på byggesaka? Dersom du lurer på status i byggesaka di kan du gjere eit søk i Søk etter sak. Her kan du blant anna søkje på gnr/bnr og få fram alle dokument som kommunen har i saka di. Når det gjeld å få svar på søknaden din, kan du forvente at du mottek svar innanfor lovpålagde fristar: tre veker for enkle tiltak tolv veker for meir omfattande saker atten veker for saker med dispensasjon Kvar finn eg godkjende fagfolk? Direktoratet for Byggkvalitet har godkjent ein del føretak sentralt. Desse godkjenningane vil også kommunen akseptera. I tillegg kan kommunen godkjenna føretak lokalt etter søknad. Korleis skal eg måle gesims? Gesims- og mønehøgder skal bli målt med bakgrunn i målereglane i byggteknisk forskrift § 6-2. Meir informasjon om utnytting og målereglar finn du i veiledaren Grad av utnytting. Kor finn eg søknadsskjema, kart og naboliste? På Direktoratet for byggkvalitet si nettside finn du enklere skjemaer for nabovarsling og byggesøknad for mindre byggeprosjekter Du kan hente ut situasjonskart frå kartløysinga til kommunen Naboliste kan du bestille på XXXX (lenk når den er klar). Nabolista viser kva naboar og gjenbuarar du skal sende nabovarsel til. Ein gjenbuar er ein eigar, festar eller brukar av ein eigedom som ligg på andre sida av ein veg eller andre smalare arealstriper som ikkje har felles grense med eigedomen. Nabovarsel - kva skjer no? Eg har fått nabovarsel - kva gjer eg no? Dersom du har fått eit nabovarsel har du ein frist på 14 dagar til å komme med merknader til tiltaket. Dersom du har merknader skal du senda desse skriftleg til søkjar. Søkjar skal legge merknadane din med i søknad til kommunen. Søkjar skal også gje ei beskriving av kva som er gjort for å imøtekomme merknad du har gitt, eventuellt argumenter om kvifor merknad ikkje er imøtekomen. Kommunen vil ta ei heilskapleg vurdering når all informasjon er levert inn. Har du levert merknader til tiltaket vil du få kopi av kommunen sitt vedtak, og kan klage på dette vedtaket dersom du ønskjer. Naboen min har merknader til søknaden min. Kva gjer eg? Send eit tilsvar på nabomerknaden til kommunen. Kommunen skal vurdera begge sider av saka. Kan eg teikne og bygge bygget mitt sjølv? Teikne sjølv: Det viktigaste i ei sak er at alle nødvendige opplysningar blir gitt, at teikningar er i målestokk 1:100 og at teikningane har god kvalitet slik at saksbehandler kan sette seg inn i saka og vurdera den på ein riktig måte. Dersom du sit inne med nok kompetanse på slik teknisk tegning kan du gjere dette sjølv. Bygge sjølv: Dersom du kan søkje sjølv, så står du og ansvarleg for gjennomføringa. Du vel sjølv korleis du praktisk vil gjennomføre porsjeketet. Du kan få ein profesjonell til å gjere jobben, eller du kan gjere det sjølv. Dette gjeld og for tiltak som ikkje krev løyve frå kommunen. Dersom du har formell kompetanse og erfaring, kan du søkje som selvbygger i tiltaksklasse 1, jf byggesaksforskriften § 6-8. Kva er eit igangsettingsløyve? Søknad om igangsettingsløyve må vere godkjent før man starter arbeida når det vert søkt om rammeløyve. Alle vilkår i rammeløyvet må være oppfylt når man søkjer om igangsettingsløyve. Søknad om igangsettingsløyvee krever søknad om ansvarsrett. Skjema for søknad om igangsettingsløyve Kva reglar gjeld for min eigedom? Dersom du lurer på kva reglar som gjeld for din eigedom må du finne kva område den ligg plassert i i kommuneplanen. Det kan og føreligge ein reguleringsplan for omårdet med bestemmelser for eigedomen. Sjekk XXXXXXX for å finne opplsningar om eigedomen din, eller ta kontakt med byggesaksavdelinga. Sist endra24.02.2020 08.45