Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Kart og eigedomsinformasjon

Kommunekart

I kartløysinga til kommunen ligg alle arealplanar, grunnkart med eigedomsinformasjon, bygningar, vegnett, kartlagt med informasjon om friluftsliv, kulturminne, krinsar (skule, kyrkjesokn, valkrins).

Planregister

Planregister er et register over alle arealplaner i kommunen. Her ligg alle dokument som hører til planen, slik som arealplankart, føresegner (bestemmelser), saksdokument (vedtak), planskildring og t.d. illustrasjonsplan. I planregister kan du søkje etter namnet på planen eller gards- og bruksnummer. Viss du ikkje veit kva planen heiter, men veit kor den ligg, så må du bruke kartløysinga.

Hjelp til å finne plandokument til ein reguleringsplan: trykk på kartlag oppe i venstre hjørne, då kjem det opp ein meny til høgre, huk av plandata og trykk i kartet på den aktuelle planen. Trykk i menyen til høgre på «reguleringsplan». Trykk på nytt på reguleringsplan og deretter på planregister. Du kjem no inn på ei side for den aktuelle planen kor du finn plandokumenta i saken. 

Her finn du plankart | Her finn du planregisteret

Temakart frå gamle kommunar

Eksterne kartløysingar

Artskart
Kvalitetssikra, stadfesta informasjon om artar i Noreg.

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF)
Kart med oversikt over friluftsområde i 17 kommunar i bergensregionen, deriblant Fjell kommune.

Fiskeridirektoratet
Kartløysing med data om akvakultur, fiskeri og plan og sjøareal.

Gårdskart
Arealressursar og arealtal for den enkelte landbrukseigedom.

Hordanamn
Kartteneste med stadnamnformer og lydfiler med uttale av namn frå Hordaland.

Høydedata.no
Kartportal for nasjonale detaljerte høgdedata (laserdata). Du kan sjå på og laste ned høgdedata. Oversikt over laserskanningsprosjekt i Noreg.

Kilden
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudtema er landskap, jordsmonn, reindrift og skog.

Kulturminnesøk
Kart, bilete og informasjon om norske kulturminne.

Kystinfo
Kartløysing frå Kystverket med bl.a. ulike typar sjøkart, landkart, satellitt- og flyfoto, farleier, naturvernområde, ankringsområde og beredskapstema.

Miljøstatus
Omfattande kartløysing med tema knytt til miljø, samfunn, arealplanar m.m.

Nasjonal arealinformasjon
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudvekt på berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn.

Naturbase kart
Kart over utvalde natur- og friluftsområde.

Norge i bilder
Oversikt over ortofoto for heile landet.

Norgeskart
Kartverket sin landsdekkande kartløysing som mellom anna har landkart og sjøkart.

Sjå eigedom
Eigedomskart med grenser, gards- og bruksnummer, adresser, matrikkel- og grunnboksinformasjon for eigedommar i Noreg.

Turkart – UT.no
Kartløysing frå Den Norske Turistforening med turforslag, hytter og overnattingsstader i heile landet.

Vegkart
Statens vegvesen sin kartløysing med offentleg informasjon om vegane i Noreg.