Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Må eg senda inn byggesøknad?

Dersom du skal byggja, endra eller riva eit tiltak på eigedomen din, må du undersøkja om du må søkja om løyve hjå kommunen.

Kva planar gjeld for eigedomen min?

Før du startar, må du undersøkja kva planar som gjeld for eigedomen din

  • Gjennom arealdelen til kommuneplanen er det sett av rammer for utnytting av eigedomen din. I tillegg kan eigedomen vera omfatta av reguleringsplanar som også kan setja avgrensningar. 
  • Reguleringsplanar kan ha reglar som er strengare enn dei generelle reglane. Kor mykje du kan byggja på eigedomen din avheng av kva planane tillet av utnytting og kor mykje som er bygd på eigedomen frå tidlegare.

Kva skal du byggja?

Nokre tiltak kan du søkja kommunen om sjølv, andre tiltak må du ha hjelp av fagfolk til å søkja om. Einskilde tiltak er unnateke søknadsplikt. Her har vi lista opp ei rekkje tiltak med utdjuping om det er søknadspliktig eller ikkje.

Har du tenkt å riva eit bygg gjeld dei same reglane som for oppføring av bygg. I tillegg må det utarbeidast ein avfallsplan og miljøsaneringsskildring dersom tiltaket er over 100 kvadratmeter.

Må eg søkja?

Treng du rettleiing

Før du startar ein byggjesøknad kan du få hjelp av Byggesak eller du kan avtale eit møte eller førhandskonferanse med ein byggesaksbehandlar

Byggesaksvakta
E-post
Telefon 55 09 73 50


Opningstid byggesaksvakt
Måndag, onsdag og fredag
kl 12.00-15.00

Har du spørsmål om di sak?
Ta kontakt med saksbehandlaren din
tysdag og torsdag mellom
kl. 09.00-15.00