Plankonsulent er Ard Arealplan AS på oppdrag av B Telle Eigedom AS.
Kunngjeringsdato: 07.03.2023.
Merknadsfrist: 28.03.2023.
Saksnummer: 22/6529
Arealplan-ID: 20220009
Opne i plankart
Plandokument
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Sund Prestegard
Kort om planen
Det vart halde oppstartsmøte for planen den 26.01.2023.
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ca. 40 bueiningar i form av eine-, tomannsbustader og rekkehus.
Planforslaget vil legge til rette for ny veg som koplar seg på den eksisterande tilkomstvegen Prestegardsskogen. I planarbeidet vil det leggjast vekt på terrengtilpassing og trygg tilkomst for mjuke trafikantar, og det vil takast omsyn til friluftsområde.
I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til bustad friområde, idrettsanlegg og grav- og urnelund.
Figur 1: Utsnitt av gjeldande kommuneplan
Nordsjøløypa går gjennom planområdet. Planområdet ligg like i nærleiken av Sund prestegard og ikkje langt frå Klokkarvik ferjekai. Friområdet, Idrettsanlegg og Grav- og urnelund skal vidareførast i reguleringsplanen.
I nord grensar planen til pågåande detaljregulering for bustadområde Klokkarvik gbnr. 105/10 m.fl. -Sund Prestegård, PlanID: 20200006. Eit sentralt tema i planprosessen blir trygg tilkomst for mjuke trafikantar frå planområdet og ned til fylkesveg og næraste kollektivhaldeplass. Val av planavgrensing skal sikra areal for dette.
Vest i planavgrensinga, på arealet som er regulert til bustad i KPA, ligg friområdet Sundskogen (ID FK00028086). Friområdet er registrert som eit svært viktig nærturterreng, og grensar til det statlege sikra friluftsområdet Sundskogen (ID FS00002322) og det svært viktige friluftsområde Veten (ID FK00028102). Delar av Nordsjøløypa går gjennom planområdet.
Figur 2: Utsnitt av gjeldande reguleringsplanar i området med underliggande nummerering.
Figur 3: Utsnitt av plankart til 1. Reguleringsplan for område ved Sund Prestegard (PlanID: 4626_124520110008
- Reguleringsplan for område ved Sund Prestegard (PlanID: 4626_ 124520110008)
- Reguleringsplan for Klokkarvik III, 2 byggesteg (PlanID: 4626_124519888001)
- Reguleringsplan for gravplass mm – Klokkarvik (PlanID: 4626_ 124519860002)
- Reguleringsplan for Klokkarvik III, Inngjerdsvegen (PlanID: 4626_124519850002)
- Deler av vegen til reguleringsplan for over del av gnr. 5 bnr. 1 – Klokkarvik I (PlanID: 4626_124519700001)
Storleiken på planområdet er på ca. 106,0 daa.
Følgjande planer vert varsla oppheva:
- Reguleringsplan for område ved Sund Prestegard (Plan-ID: 1245_20110008)
- Reguleringsplan for Klokkarvik III, 2 byggesteg (Plan-ID: 4626_124519888001)
Dei resterande planane blir varsla delvis erstatta:
3. Reguleringsplan for gravplass mm – Klokkarvik (PlanID: 4626_ 124519860002)
4. Reguleringsplan for Klokkarvik III, Inngjerdsvegen (PlanID: 4626_124519850002)
5. Deler av vegen til reguleringsplan for over del av gnr. 5 bnr. 1 – Klokkarvik I (PlanID: 4626_124519700001)
Tiltaket kjem ikkje under KU-forskrifta § 6 og 8 jf. Forskrifta om konsekvensutgreiing.
Dokument i saka
Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister
Saksgong
I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling.
Etter 1. gangsbehandling i utval for plan (UFP), vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 22/6569
Søk etter saker
Har du merknader til planarbeidet?
Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:
Liisa Stensletten
Arealplanleggar/Landskapsplanlegger
E-post: ls@ardarealplan.no
Ard arealplan as
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen, Norge
Tlf: 55 31 95 00
post@ardarealplan.no
Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.
Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 28.03.2023.