Planoppstart: detaljregulering miljøgate og sentrumsområde for eit utvida Ågotnes sentrum

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 blir det varsla oppstart av detalj-reguleringsplan for sentrumsutvikling med miljøgate med tilhøyrande føremål på gnr. 27, bnr. 128, 275, 320, 574 m.fl. i Øygarden kommune. Planen har fått planID 20220013. 

Kunngjeringsdato: 06.01.2023
Merknadsfrist: 27.01.2023
Saksnummer: 22/17333
Plan-ID: 20220013
Opne i plankart
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Ågotnes

Kort om planen

Tiltakshavar er Øygarden kommune. Utførande plankonsulent er Asplan Viak AS. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utvikling av miljøgate i dagens FV561 og FV5244. Miljøgata skal vere eit berande element i sentrumsutviklinga, og gata skal delast i ein indre del langs sentrumsformåla, og ein ytre del. Sentrums- og handelsføremål skal regulerast i samsvar med kommunedelplanen for Ågotnes (2013), og samanheng mot sentrumsområde sør for dagens fylkesveg skal også styrkast. I tillegg skal også kollektivterminal lokaliserast. 
Planområdet er 212 daa. Figur nedanfor viser forslag til plangrense. Planområdet ligg i kommuneplanen (2015) i føremål for samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, sentrumsføremål, framtidig forretningsføremål, LNRF-føremål, noverande og framtidig bustadføremål, offentlig eller privat tenesteyting, kombinert bebyggelse og anleggsformål, samt noko grøntføremål. 

Området er delvis regulert i:

  • Reguleringsplanar for Tranevågen 124619830003 (1983)
  • Reguleringsplan for Ågotnes
  • Nytt senterområde (27-465) 124620040005 (2004)
  • Reguleringsplan for Ågotnes, nytt helsehus (27-465 mfl) 124620090011 (2009)
  • Reguleringsplan for Ågotnes Bu-og Servicesenter (27-124-5,328) 124620010011 (2001)
  • Maggevarden 124619730002 (1973)
  • Reguleringsplan for Angeltveit Aust (23) 124619980003 (1998)
  • Reguleringsplan for Ågotnes-Vindenes (26, 27) 124619860002 (1986)
  • Detaljreguleringsplan for Landrovegen gnr 27/460 m.fl. – Polleidet 124620130021 (2017)
  • Reguleringsplan for Valderhaug, Polleidet (27-5 m.fl) 124620040007 (2004)
  • Reguleringsplan for Fv211- Ågotnes skule, Polleidet 124620070003 (2007)
  • Reguleringsplan for Tranevågen, Ågotnes, ny ungdomsskule (26,27) 124620070042 (2008)
  • Ny FV 561 Kolltveit – Ågotnes 124620150014 (2019).

Endeleg plangrense kan verta endra i høve til varslingsgrensa.

Planforslaget er vurdert å ikkje falle inn under krav til konsekvensutgreiing jf. §§ 6 og 8 i Forskrift om konsekvensutredninger.  

Plankart over Ågotnes sentrum - Klikk for stort bilete

Merknader og innspel 

Varsel om oppstart vil i perioden 06.01.2023 – 27.01.2023 liggja på nettsidene til Asplan Viak AS, www.asplanviak.no/kunngjoringer

Merknader til oppstartmelding kan sendast skriftleg til:

Spørsmål om planarbeidet kan også rettast til Asplan Viak AS v/Katrine Bjørset Falch

Frist for merknader og innspel til planoppstart er sett til 27.01.2023 

Naboar, grunneigarar og offentlege høyringsinstansar blir varsla i eige brev. Alle mottatte dokument, merknader o.l. blir sendt til kommunen saman med planforslaget.