Øygardskabelen 2 – Forlenging høyring av konsesjonssøknad og invitasjon til folkemøte

På bakgrunn av feil med utsending av det opphavlege høyringsbrevet med informasjon om offentleg folkemøtet 1. mars og opphavleg høyringsfrist den 16. mars, blir det arrangert nytt folkemøte 23. mars 2022. 

Noregs vassdrags- og energidirektorat - Klikk for stort bileteMøtet er ope for alle og det er ingen påmelding. NVE vil orientera om behandlinga av søknaden, og Statnett vil orientera om planane dei har søkt om. Ny frist for å komma med fråsegn til søknaden er 13. april 2022.

De kan sende fråsegn på ein av følgjande måter

  • via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Høyringsuttale» og saksnummer 202108441 i emnefeltet, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga)
  • via skjema for fråsegner, som de finn på våre internettsider
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO

Fråsegner må sendast til NVE innan 13. april.

Ope folkemøte

Dato og tid: onsdag 23. mars kl. 19.00 – 21.00
Stad: Torsvikhuset, Torsvikhøgda 2, 5337 Rong

I tidlegare kunngjering om Øygardskabelen finn du meir informasjon