Høyring av konsesjonssøknad om elektrifisering av Kelvesteinen fiskeoppdrettsanlegg

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad frå Lerøy Vest AS om å leggje ein 22 kV sjøkabel til Kelvesteinen fiskeoppdrettsanlegg, og å installere ein transformator i oppdrettsanlegget med yting 0,5 MVA og omsetnad 22/0,4 kV. Anlegget ligg i Øygarden kommune i Vestland fylke.

Om søknaden

Lerøy Vest AS (Lerøy) ønskjer å elektrifisere fiskeoppdrettsanlegget Kelvesteinen i Øygarden kommune. Dei søkjer difor om anleggskonsesjon for å byggje ein 2,1 km lang 22 kV sjøkabel til anlegget deira. Sjøkabelen vil gå frå ein nettstasjon i Buvika til oppdrettsanlegget, sjå kartet under. Lerøy søkjer òg om konsesjon for ein transformator i anlegget med yting 0,5 MVA og omsetnad 22/0,4 kV.

Ifølgje Lerøy vil elektrifisering av Kelvesteinen fiskeoppdrettsanlegg erstatte bruk av dieselaggregat og difor vere viktig fordi det vil redusere lokal forureining og samla klimagassutslepp.

Lerøy søkjer om konsesjon i medhald av energilova.

Gjennom høyring av konsesjonssøknaden ønskjer vi å få høyringsinstansane sine synspunkt på planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknader.

Søknaden med vedlegg er tilgjengeleg på NVE sine internettsider www.nve.no/8854/A.

Høyring av søknaden

De kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar:

  • via skjema for fråsegner, som de finn på våre internettsider
  • via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Høyringsuttale» og saksnummer 202211674 i emnefeltet, og skriv namn og/eller organisasjonsnummer i innleiinga)
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO

Fråsegner må sendast til NVE 23. mars 2023.

Kart

Kart: Sjøkabel til Kelvesteinen oppdrettsanlegg - Klikk for stort bileteKartutsnitt: Sjøkabel til Kelvesteinen oppdrettsanlegg