Konsesjon

Konsesjon betyr i dette høvet «løyve til å eiga» fast eigedom.

Konsesjonsfrihet

Dei aller fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie. Det vil seia at det ikkje er nødvendig å søkja om konsesjon når ein erverar eigedom. 

Når du skal tinglysa eit skøyte krev tinglysingsstyresmakta at du må leggja ved ei stadfesting frå kommunen på at ervervet er konsesjonsfritt. Dette gjer du ved å fylla ut eit skjema om eigenerklæring om konsesjonsfrihet, skjema LDIR-360.

Når konsesjonsfridom er stadfesta av kommunen, vert dette ført inn i matrikkelen slik at stadfestinga er tilgjengeleg for Statens kartverk ved tinglysing. Melding om at dette er gjort vert sendt til søkjar.

Unntak:

  • Gjeld i hovedsak landbrukseigedomar der det som hovedregel framleis må søkjast om konsesjon
  • Egenerklæring om konsesjonsfrihet for eigedomar i LNF-område

Konsesjonspliktige eiendommer

Dersom ervervet er konsesjonspliktig, må det søkjast konsesjon ved å bruka skjema: Søknad om konsesjon på erverv av fast eiendom mv., skjema LDIR-359.

Dei aller fleste konsesjonspliktige eigedomar er landbrukseigedomar, og ligg i LNF-område i kommuneplanen sin arealdel. Det kan og vera konsesjonsplikt på bebygd eigedom større enn 100 daa som ikkje ligg i LNF-område i kommuneplanen sin arealdel.

Når konsesjon er gjeven, vert dette ført i matrikkelen slik at opplysningane er tilgjengelege for kartverkverket når skøytet vert sendt til tinglysing. Søkjar vil motta melding om at registrering i matrikkelen er utført.

Dersom du er i tvil om ervervet er konsesjonspliktig eller ikkje, kan du ta kontakt med Øygarden kommune.

Søknad

Skjema for Søknad om konsesjon (LDIR-359) og skjema for Eigenerklæring om konsesjonsfrihet (LDIR-360) finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale og dessutan takst skal leggast ved i original eller stadfest avskrift dersom det finst slike dokument.

Gebyr

Gebyr for behandling av søknad om konsesjon vert fakturert av Øygarden kommune. Satsane går fram av lokale forskrifter om kommunale avgifter.

Det er ikkje gebyr på behandling av Eigenerklæring om konsesjonsfrihet.

Landbruk
E-post
Telefon 56 16 00 00