Varsel om oppstart av Detaljregulering for terrengheving ved Langavatnet, gbnr 130/7 m.fl. – Vorland

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for terrengheving ved Langavatnet, gbnr 130/7 m.fl. – Vorland. planID: 20240003 

Regn Plan As er plankonsulent på vegne av Sotra Link Construction Jv Ans.

Kunngjeringsdato: 20.09.2024.
Merknadsfrist: 27.10.2024.
Saksnummer: 24/2154 
Arealplan-ID: 20240003
Opne i plankart
Plandokument  
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Vorland

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 21.08.2024.

Lokalisering, planstatus og føremål

Planområdet ligg like ved Langavatnet på Vorland i Øygarden kommune. I gjeldande kommuneplan for tidlegare Sund kommune er området sett av til: Næring (gbnr. 130/7 og  130/1), LNF (Randsone) og Friluftsområde (Langavatnet). 

Oversiktskart som viser lokalisering av planområdet og utsnitt av kommuneplanens arealdel. - Klikk for stort bileteOversiktskart som viser lokalisering av planområdet og utsnitt av kommuneplanens arealdel.Oversiktskart som viser lokalisering av planområdet og utsnitt av kommuneplanens arealdel. - Klikk for stort bileteOversiktskart som viser lokalisering av planområdet og utsnitt av kommuneplanens arealdel.


Arbeidet med Sotrasambandet genererer store mengder overskotsmasser som Sotra Link CJV ANS ønsker å deponere mest mogleg lokalt i Øygarden, for å redusere behov for transport av massar over lengre distansar. På Vorland er det allereie eit deponi, men med forureina massar. Grunneigar ønskjer å få rydda opp og nytte areala til landbruksdrift, og ev. delvis til massebehandlingsanlegg. Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for at det kan deponerast jord- og steinmassar frå Sotrasambandet, på gnr. 130, bnr. 1 og 7, og at arealet til slutt kan disponerast som landbruksareal, ev. med eit areal på inntil 8 daa til framtidig massebehandlingsanlegg.

Denne planen kan føre til oppheving/delvis erstatning av gjeldande planer: Detaljreguleringsplan for Fv 555 Sotrasambandet, parsell frå Fjell grense – Vorland.  planID: 124520150015.

Om konsekvensutgreiing

Planen utløyser krav om konsekvensutgreiing, og vil vera omfatta av konsekvensforskrifta sin § 8. Føremålet med konsekvensutgreiinga er å klargjera verknadane av tiltak som kan få vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn. Følgjande tema vil verta konsekvensutgreia etter forskrifta: naturmangfald, friluftsliv og landskap. I tillegg vil andre tema verta vurdert som del av planomtalen, m.a.: Klimagassutslepp, støy, luftforureining, grunnforureining, vassmiljø.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.

Saksgong

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter 1. gangsbehandling vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 24/2154

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:

Plankonsulent: Regn Plan As
Adresse: Fridalsveien 8, 5063 Bergen 
Eller e-post: anne.lise@regnplan.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 27.10.2024.