Varsel om oppstart av Detaljregulering for Knausen, Gbnr. 42/18 m.fl. Brattholmen. PlanID 20230002

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Knausen, Gbnr. 42/18 m.fl. Brattholmen. PlanID 20230002.

Plankonsulent er HOLON Arkitektur AS på oppdrag for Endre Nordahl Pedersen.

Kunngjeringsdato: 30.08.24
Merknadsfrist: 20.9.24.
Saksnummer: 22/21360
Arealplan-ID: 20230002
Opne i plankart 
Plandokument
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Gbnr. 42/18 m.fl

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 07.03.2024.

Intensjonen med planframlegget er å leggje til rette for tre bustadar, to nye i tillegg til den eksisterande. Tilkomst til bustadane er planlagt frå Brattholmen, medan hentestad for renovasjon er planlagt i Skrubbenesvegen. Viktige tema i planarbeidet vil mellom anna vere funksjonell strandsone, tilkomst, terrengtilpassing og trygg skuleveg.  Planområdet ligg i kort avstand til service- og sosiale tilbod på Brattholmen, og med kort avstand til Straume sentrum.

I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til bustad og noko LNF.

Reguleringsplanen omfattar ingen tiltak som ligg i forskrift om konsekvensutredninger, vedlegg I eller II. Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister arealplaner.no

Saksgong

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. 

Etter 1. gangsbehandling i utval for plan (UFP), vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 22/21360 
Søk etter saker

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål kan rettast til HOLON Arkitektur AS ved Jan Espen Vik på e-post janespen@holon.no, eller tlf. 975 83 416.

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 20.09.2024.